Voodoo Lounge er eit album av The Rolling Stones og kom ut i 1994. Det var det første albumet deira på plateselskapet Virgin Records, og det første på fem år etter Steel Wheels i 1989. Voodoo Lounge var òg det første Rolling Stones-albumet utan bassisten Bill Wyman, som slutta i bandet tidleg i 1993.
Historie
Etter soloalbuma til Keith Richards (Main Offender) og Mick Jagger (Wandering Spirit) i 1992 og 1993, slo dei seg saman og starta å skrive nye songar i april 1993. Dei valde å ta inn Don Was som medprodusent. I september øvde og spelte dei inn songar heime hos Ronnie Wood i Irland, og i november flytte dei til Windmill Lane Studios i Dublin, der innspelinga av Voodoo Lounge starta. Darryl Jones tok no Bill Wyman sin plass som den faste bassisten i bandet, men var ikkje eit offisielt medlem.
Etter ein innspelingsperiode i Los Angeles i starten av 1994 vart Voodoo Lounge gjort ferdig og The Rolling Stones starta førebuingane til ein ny, massiv verdsturné, som starta i august. «Love Is Strong» vart gjeven ut som den første singelen deira, og nådde 14. plass i Storbritannia. Singelen slo derimot ikkje an i USA, der han stoppa på 91. plass, den dårlegaste plasseringa for ein førstesingel av Rolling Stones i USA nokon gong. To andre singlar vart gjevne, «Out of Tears», som nådde 60. plass og «You Got Me Rocking», som berre gjekk opp til 113. plass. Voodoo Lounge vart dermed det første Rolling Stones-albumet som ikkje hadde store hittar i USA. I Storbritannia gjekk derimot både «Love Is Strong», «You Got Me Rocking», «Out Of Tears» og «I Go Wild» alle inn på Topp 40.
Voodoo Lounge kom ut i juli 1994 og fekk god kritikk. Det gjekk rett til topps på den britiske albumlista (den første førsteplassen deira i heimlandet sidan Emotional Rescue tidleg på 80-talet) og andreplassen i USA. I Noreg nådde albumet tredjeplass på VG-lista.
Produsent Don Was var kjend for å ein produksjonsstil basert på eldre rock, og gjorde sitt til at albumet hadde ein meir klassisk Rolling Stones-stil, enn den meir glattare produksjonen som hadde prega albuma deira på 80-talet. Resultatet vart eit album med blues, R&B og country som albuma deira frå seint på 60-talet og tidleg på 70-talet. Sjølv om både kritikarar og tilhengjarar tykte godt om resultatet, har Jagger seinare sagt seg misnøgd med estetikken til Was, og lagde eit meir variert album med Bridges to Babylon, det neste studioalbumet. Likevel vart Was nytta som produsent i lang tid sidan.
Tidleg i 1994, midt under Voodoo Lounge-turneen, som først var ferdig i august, vann Voodoo LoungeGrammy Award for beste rockealbum. Sjølv om det ikkje vert rekna som like bra som dei klassiske Rolling Stones-albuma, vart Voodoo Lounge i større grad rekna som eit comeback enn Steel Wheels vart då det kom ut.
Innhald
Alle songar er skrivne av Mick Jagger og Keith Richards.