Shine a Light er det niande konsertalbumet av The Rolling Stones. Samlina, og dei to konsertane frå 2006 musikken er henta frå, inneheld ingen songar frå albumet A Bigger Bang frå 2005, det siste studioalbumet deira. Dobbelplateutgåva inneheld alt bortsett frå to songar som vart spelt dei to kveldane, «Undercover of the Night» (bonusspor på den japanske utgåva) og «Honky Tonk Women».
Albumet vart godt teke imot, særleg i Storbritannia, der det gjekk heilt til andreplass, den høgaste plasseringa til eit konsertalbum av Rolling Stones sidan `Get Yer Ya-Ya's Out!´ i 1970. I USA nådde albumet 11. plass og i Noreg 10. plass.
Innhald
Alle songar er skrivne av Mick Jagger og Keith Richards.