I Go Wild
«I Go Wild» er ein song av the Rolling Stones frå albumet Voodoo Lounge frå 1994. Songen er tilskriven Mick Jagger og Keith Richards, men er hovudsakleg skriven av Jagger.[1] Songen vart skriven av Jagger på gitar i lag med Charlie Watts på gitar, og var stort sett ferdig før dei tok han med til resten av bandet.[1] Songen er ein streit rockesong med tekstar som omhandlar songaren sitt forhold til ei «femme fatale»;
«I Go Wild» vart spelt inn på sommaren og på slutten av 1993 i Sandymount Studios i Irland og A&M Recording Studios i Los Angeles.[1] Jagger er på solovokal, Richards og Ron Wood er med på elektrisk gitar, Charlie Watts speler trommer, medan Darryl Jones spelar bass. Chuck Leavell spelar orgel og Phil Jones er på perkusjon. Både Jagger, Richards, Bernard Fowler og Ivan Neville syng korvokal.[2] Songen vart gjeven ut som den fjerde singelen frå Voodoo Lounge den 3. juli 1995. Han nådde 29. plass på den britiske singellista. Det vart laga ein musikkvideo i Ex-templo de San Lázaro i Mexico City like før Stones la ut på den fjortande stadionturneen i Sør-Amerika. Salslister
Kjelder
Bakgrunnsstoff |