«Miss You» vart skriven av songar Mick Jagger medan han spelte med keyboardisten Billy Preston under ei øving i mars 1977. Sjølv om Keith Richards òg er tilskriven, vert Jagger vanlegvis rekna som komponisten.
Fleire songar på Black and Blue frå 1976 hadde vore påverka av dansemusikk. «Miss You» var den første Rolling Stones-singelen med eit tydeleg disco-preg, mellom anna i den stødige trommespelinga til Charlie Watts og den funky bassen til Bill Wyman. Melodien vert sungen i falsett av Jagger og songen har eit refreng med drøymande og nesten rar koring. Innimellom markerer munnspelet til Sugar Blue hovudriffet. Han har òg ein skarp solo. Den funky rytmen og rappinga på verset gjer at songen kan minne om tidleg hip-hop, bortsett frå at dette var fleire år før hip-hop vart rekna som ein eigen sjanger.
I motsetnad til dei fleste andre songane på Some Girls hadde «Miss You» med fleire studiomusikarar. I tillegg til Sugar Blue, finn ein Ian McLagan på elektrisk piano, som ligg nesten uhøyrleg i bakgrunnen, og Mel Collins på den glitrande saksofonsoloen i instrumentalparitet.
«Miss You» vart ein av dei største singlane til The Rolling Stones, og vart den åttande førsteplassen deira i USA då han kom ut i 1978. Songen var opphavleg nesten ni minuttar lang, men vart korta ned til fire og eit halvt minutt for albumet og tre og eit halvt minutt for singelen. B-sida på singelen var «Far Away Eyes» frå albumet, ein lett country-song.
↑Pennanen, Timo (2006). Sisältää hitin - levyt ja esittäjät Suomen musiikkilistoilla vuodesta 1972 (på finsk) (1st utg.). Helsinki: Tammi. ISBN978-951-1-21053-5.