167 fvt: Antiokhos IV av Syria gav ordre om å reise eit altar for Zevs i Tempelet i Jerusalem. Mattitjáhu og dei fem sønene hans, Johanán, Sjimón, El‘azár, Jonatán og Jehudá leidde eit opprør mot Antiokhos. Jehudá blei kjend som Jehudá Makkabbí (Jehudá hammaren).
165 fvt: Det jødiske opprøret mot Selevkid-dynastiet vann. Tempelet i Jerusalem]] blei frigjort og atterinnvigd. Dette er rekna som opphavet til den jødiske lyshøgtida hanukká.
142 fvt: Det andre jødiske samveldet vart etablert. Selevkidane godkjende det jødiske sjølvstyret. Selevkidarkongen hadde eit formelt overherredømme som var anerkjent av hasmonearane. Dette vart innleiinga til ein periode med geografisk utviding, folkevekst og religiøs, kulturell og sosialt sett positiv utvikling.