Gamlebyen har ei sekskanta form, som kjem av dei eldgramle bymurane og hovudbygningane er frå 1500- til 1800-talet. Byen ligg på ei slette som elva Crostolo renn over.
Historie
Antikken og tidleg mellomalder
Byen var ikkje opphavleg romersk, men vart ein historisk stad etter at romarvegen Via Aemilia vart lagt til byen, frå Piacenza til Rimini (187 fvt.). Reggio vart eit rettssentrum med eit romersk forum, først kalla Lepidi, så Lepidum Regium og til slutt berre Regium, som det noverande namnet kjem frå.
Byen var ein militærstasjon langs Via Aemilia, men òg ein blømande by og ein municipium med eigne lover, magistratar og kunstskule.
I 773 erobra frankarane Reggio og Karl den store gav biskopen kongeleg autoritet over byen og sette grensene til bispedømet i 781. I 888 vart Regio gjeve til Kongedømet Italia. I 889 gjekk madjarane til åtak på byen og øydela store delar av han og tok livet av biskop Azzo II. Etter dette vart det bygd nye bymurar. 3. oktober900 gav keisar Ludvig III løyve til å reise ein castrum (borg) i sentrum av byen.
Reggio vart ein fri kommune rundt slutten av1000- og byrjinga av 1100-talet. I 1167 vart han eit medlem av Det lombardiske forbundet og tok del i slaget ved Legnano. I 1183 signerte byen Konstanz-traktaten der byen sin konsul, Rolando della Carità, fekk keisarleg innsettingsrett. Fredstida som følgde var ein periode med velstand. Reggio fekk nye lover, fekk prege eigne myntar, oppretta anerkjende skular og utvikla handelen sin og kunsten.
I 1152 var Reggio i krig med Parma og i 1225 med Modena, som ledd i striden mellom Welf og Ghibellini i Italia. I 1260 kom 25 000 skrifteborn ført av ein eremitt frå Perugia og denne situasjonen roa ned situasjonen ei stund. Striden ulma derimot opp igjen og så tidleg som 1265 tok Ghibellini livet av Welf sin leiar, Caco da Reggio, og tok overtaket. Striden heldt fram mot biskopen og to nye parti, Inferiori og Superiori. Sistnemnde vann til slutt striden.
For å hindre misgjeringar frå dei mektige familiane som Sessi, Fogliani og Kanossa, gav Senatet i Reggio byen over til Obizzo d'Este frå familien Este for ein treårsperiode. Dette skulle forme framtida til Reggio sidan Obizzo heldt fram med eit de facto styre av byen etter at avtalen var gått ut. Sonen hans Azzo vart kasta ut av Reggion i 1306, og det vart oppretta ein republikk styrt av 800 vanlege innbyggjarar. I 1310 sette keisar Henrik VII inn marki Spinetto Malaspina som statthaldar, men han vart snart jaga bort. Republikken forsvann i 1326 då kardinal Bertrando del Poggetto annekterte Reggio til Kyrkjestaten.
Byen vart så styrt av Johan av Böhmen, Nicolò Fogliani og Martino della Scala, som i 1336 gav han til Luigi Gonzaga. Gonzaga bygde ei festning i byen og øydela 144 hus. I 1356 erobra familien Visconti frå Milano med hjelp frå 2 000 regginarar byen og starta ein forvirrande periode der makta vart delt med Gonzaga-familien. Til slutt selde sistnemnde sin del til Visconti for 5 000 dukatar. I 1405 omleira Ottobono Terzi av Parma Reggio, men vart drepen av Michele Attendolo, som gav byen til Nicolò III d'Este, som så vart seignor av Reggio. Byen var derimot framleis relativt sjølvstyrt med eigne lover og mynter. Nicclo vart etterfølgt av den uekte sonen Lionello, og frå 1450 av Borso d'Este.
Este sitt styre varte til 1796, med korte unntak i 1702 og 1733-1734.
Napoleontida og gjenopprettinga
Den første franske republikken sine troppar vart tatt godt imot i byen. I august 1796 vart hertugen sin garnison på 600 menn driven bort og senatet tok over styret i Regio og hertugdømet. 25. september slo frivillige i det mellombels styret tilbake ein austerriksk styrke i slaget ved Montechiarugolo. Sjølv om hendinga var lita var dette samanstøyten rekna som den første i den italienske Risorgimento. Napoleon sjølv gav Reggiani 500 gevær og 4 kanoner som løn. Han okkuperte seinare Emilia og oppretta ein ny provins, Den cispadanske republikken proklamert i Reggio 7. januar1797.
Wienertraktaten førte Reggio tilbake til Francesco IV d'Este (1815). I 1831 gjorde Modena opprør mot han og Reggio følgde dømet med å opprette eit korps under general Carlo Zucchi. 9. mars erobra derimot hertugen byen med eskorte frå austerrikske soldatar.
I 1848 forlet hertug Francesco V staten sin i frykt for revolusjon. Reggio erklærte seg annektert av Piemonte, men då dei tapte slaget ved Novara vart byen ført tilbake til Este. I 1859 vart Reggio, under diktatorLuigi Carlo Farini, igjen ein del av Italia og dette vart stadfesta gjennom ei folkeavstemming 10. mars 1860.
Nyare tid
Reggio opplevde ein periode med folkevekst og betre økonomi frå 1873. I 1911 hadde han 70 000 innbyggjarar. Ei sterk sosialistrørsle voks fram, og under facistregimet vart innbyggjarane undertrykt på grunn av dette.