Han-dynastiet var ei kinesisk herskarslekt som hadde makta i Kina frå 200-talet f.Kr. til 200-talet e.Kr. Denne tida er rekna som ein gullalder i kinesisk historie, og dynastiet har gjeve namn til den største kinesiske folkegruppa, han-kinesarar.
Han-dynastiet var den første kulturelle blomstringsperioden etter at Kina vart samla i 221 f.Kr. Under dette dynastiet vart det innført eit strengt sentralisert embetsmannsstyre.
Dynastiet blir delt inn i to greiner, Vestre Han (206 f.Kr–8 e.Kr.) og Austre Han (23–220 e.Kr.). Mellom dei kom «opprørsdynastiet» Xin (9–23 e.Kr.).
Han-keisarar
Lista oppgjev regjeringsår og identifiserer keisarane med deira ærenamn, som dei fekk etter at dei døydde.