1. hundreåret fvt. varte frå år 100 f.Kr. til 1 f.Kr. Det kom etter 100-talet f.Kr. og blei følgd av det første hundreåret med år 1. Tidsrekninga som byggjer på før og etter Kristi fødsel har ikkje noko år 0.
I løpet av hundreåret kom alle gjenverande sjølvstendige land rundt Middelhavet under romersk kontroll, anten styrt direkte av romarane eller av marionettekongar. Romarstaten gjekk gjennom fleire borgarkrigar som enda med å gjera slutt på den 500 år gamle romerske republikken og skipa Romarriket, leidd av ein keisar.
Viktige hendingar
Jesus, grunnleggjaren av kristendommen, blei fødd mot slutten av hundreåret