Verdshistoria er eit oversyn over det me veit om utviklinga av menneske og samfunna deira. Fråskilde samfunn har hatt ulike føresetnader og tankar om korleis ein skal klara seg, og verdshistoria har dermed ikkje vore eins. Ein kan likevel skildra fellestrekk som er viktig for størsteparten av menneska.
Menneskeslekta oppstod i Afrika for rundt 2,5 millionar år sidan og byrja å bruka reiskapar av stein. For rundt 300 000 år sidan tok ein til å hakka ut reiskapen til ei ønskt form. Ei eldre form av Homo sapiens oppstod på denne tida, og moderne menneske (Homo sapiens sapiens) var utvikla for rundt 200 000 år sidan.
Steinalder
Menneske til å vandra ut frå Aust-Afrika til Asia for 100 000-50 000 år sidan, vidare til Australasia for rundt 50 000, Europa og Sentral-Asia for rundt 40 000 og Amerika for rundt 13 000 år sidan. Då istida tok slutt for rundt 12 000 år sidan var størstedelen av dei isfrie delane av verda folkesette. Menneske hadde språk og ritual som truleg var av ein religiøs art, og dei laga kunst som holemåleri, helleristingar og små skulpturar.
Jordbruk
Medan menneske opphavleg levde i små grupper livnærte seg gjennom jakt og sanking, førte utviklinga av jordbruk til at ein kunne brødfø større, bufaste grupper. Jordbruk blei først utvikla i den fruktbare halvmånen for rundt 10 000 år sidan, og blei seinare utvikla uavhengig fleire andre stader. Plantedyrking og husdyrhald spreidde seg til størsteparten av verda, sjølv om folk i marginale miljø ofte heldt på den nomadiske, sankande livsstilen, og mange levde i ei blanding.
Vekst i matproduksjonen førte til at ein kunne ha større samfunn, byar og rike, yrkesspesialisering og større lagdeling i samfunnet, utvikling og utnytting av nye teknologiar og materiale. I dei nye samfunna utvikla det seg meir formelle styringsmåtar, organiserte religionar og byrjande tal- og skriftsystem. Utviklinga gjorde også større krigføring og epidemiar moglege.
Skrift gjer det mogleg å formidla kunnskap og erfaringar gjennom tid og rom, og me snakkar om historisk tid i samband med skriftperiodar me har skriftlege kjelder frå. Det at ein kunne overføra skriftlege bodskap gjorde det også lettare å styra stadig større rike og å ta vare på kunnskap og idear. Dei eldste kjende skriftsystema er sumerisk kileskrift og egyptiske hieroglyfar som oppstod i fjerde tusenåret f.Kr., medan tidleg kinesisk skrift er kjend frå Shang-dynastiet i andre tusenåret f.Kr. Dei første alfabeta blei laga i Midt-Austen rundt 2000-1500 f.Kr. Det første skriftspråket i Amerika blei truleg danna i første tusenåret f.Kr. av olmek-kulturen. I ei rekke kulturar brukte ein munnleg overlevering og ulike symbol heller enn skrift.
Imperium oppstod når ei folkegruppe la under seg fleire andre. Tidlege døme på slike rike er det ny-assyriske riket (900-talet f.Kr.), det persiske akamenide-dynastiet (500-talet f.Kr.), det indiske maurya-riket (300-talet f.Kr.), qin og han i Kina (200-talet f.Kr.) og Romarriket i Europa og Midt-Austen (100-år f.Kr.). Seinare kom det til storrike elles i Asia, i Afrika og i Amerika, medan Oseania, truleg av geografiske grunnar, aldri utvikla større statar. Imperia hadde mange fellestrekk, som store hærar og byråkrati som gjerne bygde på liveignebønder eller slavar. Dei var sårbare for indre konflikt og ytre åtak frå «barbarar».
Kristendommen oppstod på 100-talet og spreidde seg i Afrika, Asia og Europa. Etter at han blei lovleg i Romarriket på 300-talet kom han til å spela ei viktig rolle i den europeiske mellomalderen. Islam, som oppstod på 600-talet, hadde ei tilsvarande rolle i den muslimske verda lengre sør og aust. I Asia blei buddhismen og hinduismen spreidde vidare gjennom storrike som Maurya, Gupta og Tsjola.
Handelsruter hadde vokse seg stadig lengre, som mellom Sumer og Harappa i det fjerde eller Silkevegen mellom Kina og Syria frå det tredje tusenåret f.Kr. Rutene førte mykje rikdom med seg, og kunne gje vekst til byar og heile handelsrike. Oppdagingstida starta som eit forsøk på å finna sjøruter frå Europa til India og Kina. Etter kvart tok oppdagarane frå «den gamle verda» over landområda dei hadde funne i «den nye». Nybyggjarar såg på dei nye koloniane som tomme og fruktbare, og menneske og ressursar der blei utnytta og gamle kulturar erstatta med nye.
Tidleg moderne tid såg også utviklinga av nye og revolusjonerande teknologiar og tankar. Tankar om humanisme og protestantisme oppstod i Europa og blei raskt spreidde gjennom trykt materiale, og det blei utvikla kapitalistiske system og nasjonalstatar som skulle få mykje å seia for den framtidige utviklinga av verda.
Revolusjonar
Plutseleg endringar i samfunn eller kulturar blir kalla revolusjonar. Opplysingstida førte både fram til ein vitskapsrevolusjon på 1500- og 1600-talet og ein industriell revolusjon frå 1700-talet. Desse gjorde at ein såg og utnytta verda på ein ny måte, og oppfinningar i transport (som dampmaskina) og kommunikasjon (som telegrafen) batt verda tettare saman.
I dette hundreåret var størsteparten av verda under vestleg påverknad, mykje av henne under kolonimakter. Då europeisk kiving braut ut i første verdskrigen, blei mange andre verdsdelar dregne med. Den store depresjonen etter krigen hadde òg verdsomspennande følgjer. Andre verdskrigen, starta av militaristiskefasciststatar, råka alle verdsdelane og markerte byrjinga på slutten for europeisk verdsdominans. I staden fekk ein eit verdsråd, Sameinte Nasjonar (SN), og to supermakter, Sovjetunionen og USA, som låg i ideologisk konflikt med kvarandre utan å gå ope i krige i løpet av den førti år lange kalde krigen. Rivaliseringa mellom dei førte til teknologiske kappløp som gav kraftigare kjernevåpen, romfart og nye kommunikasjonsmiddel som Internett.
Koloniar fekk gradvis sjølvstende, men var ofte prega av lang tids rovdrift og vanstyre. Mange av dei europeiske statane som tidlegare hadde vore i konflikt samarbeida gjennom den europeiske unionen. Den grøne revolusjonen, globalisering og frihandel førte til auka materiell velstand for mange, men reiste òg spørsmål om miljøvern og skeivfordelinga i den postkoloniale verda. Etter at Sovjetunionen gjekk i oppløysing merka ein ei ny ideologisk konflikt, mellom liberale, sekulære verdiar og religiøse fundamentalistiske. Konflikten er særleg spelt ut med USA på eine sida og visse muslimske fundamentalistar, som Al-Qaida og Iran, på den andre.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon.
Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden.