Romfart er reising i verdsrommet. Ein skil mellom bemanna og ubemanna romfart.
Bemanna romfart er romferder der menneska er mannskap om bord eit romfartøy. Slike mannskap kallar ein gjerne for romfararar. Den sovjetrussike kosmonauten Jurij Aleksejevitsj Gagarin
vert rekna som det første mennesket i rommet.
Ubemanna romfart er romferder der ein sender opp romsondar eller andre kunstige satellittar utan behov for menneske om bord. I staden er det elektronikken om bord som styrer. Ved hjelp av radiosamband kan ein ta imot data frå romfarkosten samtidig som ein kan gje nye kommandoar til datamaskiner om bord.
For at ei ferd skal kunne kallast ei romferd, har FAI definert ei grense på 100 km over jorda si overflate. USA nyttar òg ei grense på 50 miles.