Al-Qaida

القاعدة (Al-Qaida)

Framsida til eit al-qaidadokument
Skipa1988
LeiarOsama Bin Laden, Ayman al-Zawahiri
IdeologiIslamisme, pan-islamisme, mujahedin
MisjonÅ etablere eit pan-islamistisk kalifat basert på streng islamsk lov, kamp mot «falske» muslimske herskarar, motstand mot det ikkje-islamistiske samfunnet og særleg USA.
Metodesjølvmorsbombarar, vegbombar, bilbombar, fleire.
MedlemmerRundt 75 000-700 000 over heile verda
Internasjonal tilknytingFlagget til Afghanistan Taliban

Maktab al-Khadamat
Kata'ib Hizbollah
Hezb-i-Islami
Egyptisk islamsk jihad
Al Qaida-organisasjonen i det islamske Maghreb
Flagget til Usbekistan Usbekistans Islamistiske Bevegelse
Fatah al-Islam
Ansar al-Islam
Ansar al-Sunna
Sipah e-Sahaba
Lashkar-e-Taiba
Det islamske emiratet Waziristan
People's Mojahideen of Iran
Jondollah

Flagget til Libya Libyske islamske kjempingsgruppe

Al-Qaida (arabisk القاعدة, 'basen'[1]) er ein islamistisk terroristorganisasjon, kjend for spektakulære sjølvmordsåtak mot sivile mål. Den best kjende aksjonen deira er 11. september-åtaka i USA i 2001, der fleire tusen menneske blei drepne.

Namnet «al-Qaida» tyder 'base'. Namnet er blitt tolka som 'databasen' med oversyn over mujahedin-styrkar Osama bin Ladan hadde kontroll over av den britiske utanriksministeren Robin Cook. I 2002 tok gruppa namnet Qa'idat al-Jihad, 'basen (grunnlaget) for jihad'.

Soge

Al-Qaida blei grunnlagd av saudiarabaren Osama bin Laden i 1988-89 for å støtta og trena utanlandske muslimske motstandsstyrkar mot Sovjetunionen under Den afghansk-sovjetiske krigen. Mot slutten av krigen byrja Al-Qaida og mange liknande grupper å retta interessa mot andre konfliktområde, som Israel og Kashmir.

Etter at sovjetarane trekte seg ut av Afghanistan i 1989 vende Bin Laden tilbake til Saudi-Arabia. Året etter invaderte Irak under Saddam Hussein nabolandet Kuwait, noko som også sette dei saudiarabiske oljefelta i fare. Bin Laden tilbaud sine trente mujahedin til å forsvara landet, men kong Fahd tok heller imot hjelp frå amerikanske og allierte styrkar. Det at desse styrkane fekk koma inn i og vanhelga «landet med dei to moskeane» (Mekka og Medina) gjorde Bin Laden rasande. Etter å ha talt styresmaktene imot for å ta imot amerikanske styrkar blei han landsforvist. Oppmoda av Hassan al-Turabi drog Bin Laden og al-Qaida i eksil til Sudan, der Omar al-Bashir nyleg hadde teke makta. Dei hjelpte dei sudanesiske styresmaktene gjennom å setja opp ulike verksemder og militære treningsleirar. Her samarbeidde dei med Egyptisk islamsk jihad, leidd av Ayman el-Zawahiri.

I 1993 støtta Saudi-Arabia Oslo-avtalen mellom Israel og palestinarane, noko som førte til skarp kritikk frå bin Laden. I 1994 mista blei han fråteken det saudiske statsborgarskapet sitt og mista pengestøtte heimanfrå.

Egyptisk islamsk jihad (EIJ) var ein kjerne for al-Qaida, men utførte òg eigne aksjonar retta mot det egyptiske regimet. I 1993 utførte dei eit mislukka attentat mot den egyptiske statsministeren Atef Sedki, der ei skulejente blei drepen i staden. I 1995 stod dei bak eit attentatforsøk mot den egyptiske presidenten Hosni Mubarak. Egyptisk opinion vende seg mot gruppa, og statsmakta slo hardt ned på dei gjennom arrestasjonar og avrettingar.

Sudan utviste EIJ i 1995 etter at gruppa hadde utført eigne avrettingar i landet. I mai 1996 blei også bin Laden utvist. Afghanistan, som var styrte av den fundamentalistiske Taliban-rørsla, ønskte dei velkomne tilbake. Al-Qaida fekk ei rolle i forsvarsdepartementet deira.

Al-Qaida sine ideologar hadde lenge støtta tanken om ein «global jihad» for å reinska muslimske land for ikkje-muslimar. Al-Zawahiri var sterkt inspirert av Sayyid Qutb si lære om at folk som kalla seg muslimar, men ikkje følgde den rette læra, var å reknast som fråfalne. Slik var også regime i ulike muslimske land blitt mål Egyptisk islamsk jihad.

I 1996 utlyste gruppa ein fatwa om å fordriva utanlandske styrkar og makter frå muslimske land, ei krigserklæring mot USA og allierte land. 23. februar 1998 gjekk bin Laden og al-Zawahiri endå sterkare ut med ein fatwa som baud alle muslimar drepa amerikanarar og deira allierte overalt der dei kunne. I 2001 eller 2002 slo al-Qaida og Egyptisk islamsk jihad seg saman til Qa'idat al-Jihad.

Terroråtak

1992: Aden

Det første åtaket til al-Qaida fann stad 29. desember 1992 i Aden, hovudstaden i Jemen. To bomber eksploderte utanfor Movenpick Hotel og Goldmohur Hotel. Målet for bombinga var amerikanske soldatar på veg til Somalia under Operation Restore Hope, men desse budde på eit anna hotell. To blei drepne i åtaka, og fleire jemenittar blei hardt skadde. Åtaket var også eit tidleg døme på fleire koordinerte bombeåtak som hovudsakleg råka sivile.

1993: New York

I 1993 køyrde Ramzi Yousef ein lastebil fylt med sprengstoff inn i World Trade Center i New York i eit forsøk pa å få begge tårna til å styrta. Planen lukkast ikkje, tårna svaia berre og fekk noko strukturskade, men seks menneske blei drepne og over tusen skadde. Yousef blei seinare teken til fange i Pakistan og dømd til fengsel på livstid i USA. Yousef oppgav politiske motiv for åtaket, ikkje religiøse. Det finst ingen prov på at Yousef er knytt til al-Qaida, og både han og talsmenn for organisasjonen har nekta for samband. Det er likevel verdt å merka seg at Yousef er nevø av Khalid Sheikh Mohammed, som har hatt ei høgtståande stilling i al-Qaida.

Frå 1995: Åtak på ambassadar og amerikanske mål utanlands

19. november 1995 utførte Egyptisk islamsk jihad eit bombeåtak mot den egyptiske ambassade i Islamabad i Pakistan der 16 døydde og 60 blei såra. Åtaket blei symptomatiske for seinare aksjonar al-Qaida skulle utføra.

I juni 1996 bomba al-Qaida Khobar Towers, ein bygning i Khobar i Saudi-Arabia som husa personell frå det amerikanske luftvåπenet. 19 blei drepne og 372 såra.

I november det året vitja den amerikanske presidenten Bill Clinton Manila på Filippinane under eit APEC-møte. Bin Laden skal sjølv ha planlagt eit attentat mot han, men kommunikasjon om attentatet blei fanga opp og det blei funnen ei bombe under ei bru.

7. august 1998, utførte medlemmer av Egyptisk islamsk jihad to simultanåtak på dei amerikanske ambassadane i Dar es Salaam i Tanzania og Nairobi i Kenya. Noko over 300 døydde, dei fleste lokale sivile. Åtaka gjorde at bin Laden og al-Zawahiri kom i det amerikanske søkelyset, og FBI plasserte bin Laden på si «Ten most wanted»-liste.

I oktober 2000 utførte al-Qaida eit sjølvmordsåtakjagaren [[USS «Cole» (DDG-67)|USS «Cole» då skipet låg utanfor Jemen. Åtaket drap 17 amerikanske militære og skadde fartøyet. Etter denne vellukka aksjonen fekk gruppa stor sjølvtillit og byrja førebu eit åtak inne i USA.

2001

Bygningskart som viser korleis to fly flaug på World Trade Center i New York.

11. september 2001 utførte al-Qaida sitt største åtak og fanga merksemda til heile verda. Dei kapra fire fly og flaug to av dei inn i World Trade Center i New York. Eitt blei styrta i Pentagon og eitt krasjlanda i ein åker i Pennsylvania etter at passasjerar og besetning hadde teke opp kampen mot kaprarane. Åtaket førte til at dei to tårna i World Trade Center fall saman, og om lag tre tusen menneske blei drepne. Åtaket førte til at USA erklærte «Krig mot terrorisme» og gjekk inn for å nedkjempa al-Qaida. Det førte òg til kraftige omleggingar av flytryggleik for passasjerar.

Etter 2001 har al-Qaida eller tilknytte grupper vore knytt til åtak i Istanbul i 2003, Madrid og Khobar i 2004, London og Amman i 2005, Algier i 2007 og den danske ambassaden i Pakistan i 2008. I 2009 prøvde Umar Farouk Abdulmutallab å sprenga eit Northwest Airlines-fly og i 2010 blei det gjort forsøk på å senda eksplosiv med lastefly frå Jemen.

Sidan 2003 har al-Qaida i Irak, leidd av Abu Musab al-Zarqawi, stått for fleire terroråtak i Irak.

Frå 2000-åra av har Somalia og Jemen blitt viktige kjerneområde for al-Qaida att. Medan dei øvste leiarane gøymer seg for USA og allierte styrkar i grenseområda mellom Afghanistan og Pakistan, har mange mellomleiarar har basert seg i områda ved Afrikas horn og oppretta kontakt med grupper som al-Shahab.

Bakgrunnsstoff

Kjelder

Fotnotar

Read other articles:

MessinaKomuneComune di MessinaA collage of MessinaNegara ItaliaWilayahSisiliaProvinsiMessina (ME)Pemerintahan • Wali kotaGiuseppe BuzzancaLuas • Total211,2 km2 (815 sq mi)Ketinggian3 m (10 ft)Populasi (May 2009[1]) • Total243.252 • Kepadatan120/km2 (300/sq mi)DemonimMessinesi, PeloritaniZona waktuUTC+1 (CET) • Musim panas (DST)UTC+2 (CEST)Kode pos98100Kode area telepon090Santo/a Pelindu...

 

مؤسسة النفط الوطنية النيجيريةNigerian National Petroleum Corporation (بالإنجليزية)[1] الشعارمعلومات عامةالبلد نيجيريا التأسيس 1977النوع عامةالشكل القانوني شركة ذات مسؤولية محدودة المقر الرئيسي أبوجاموقع الويب nnpcgroup.com (الإنجليزية) المنظومة الاقتصاديةالصناعة قائمة شركات البترولالمنتجا...

 

Palais des ducs de Lorraine à Nancy. Le duché de Lorraine est né du partage de la Lotharingie en 959 par le duc Brunon de Cologne. Celui-ci confie la partie méridionale du duché au vice-duc Frédéric de Bar qui prend le titre de duc de Haute-Lotharingie en 977. Au fil du temps, cette entité politique devient le duché de Lorraine, mentionné comme tel dès 1067[1], qui perdure jusqu'en 1766, date du rattachement à la France. Histoire Article détaillé : Duché de Lorraine. Cette...

16th-century Italian Renaissance architect of the Republic of Venice Palladio redirects here. For other uses, see Palladio (disambiguation). Andrea PalladioPortrait of Palladio by Alessandro MaganzaBornAndrea di Pietro della Gondola(1508-11-30)30 November 1508Padua, Republic of VeniceDied19 August 1580(1580-08-19) (aged 71)Maser, Republic of VeniceNationalityItalian[1]OccupationArchitectBuildingsVilla BarbaroVilla Capra La RotondaBasilica PalladianaChurch of San Giorgio MaggioreI...

 

Italian poet and author (1364 – c. 1430) In this medieval Italian name, the name de Pizan is an indicator of birthplace, not a family name. Christine de PizanChristine de Pizan (sitting) lecturing to a group of men standingBornSeptember 1364Venice, Republic of VeniceDiedc. 1430(1430-00-00) (aged 65–66)Poissy, Kingdom of FranceOccupationWriterSpouse Etienne du Castel ​ ​(m. 1379; died 1389)​Children3ParentTommaso di Benvenuto da Pizzano ...

 

Area of teeth covered by enamel For the dental procedure, see Crown (dental restoration). CrownCrown labeled at left in image.DetailsIdentifiersLatincorona dentisMeSHD019228TA98A05.1.03.009TA2915FMA55623Anatomical terminology[edit on Wikidata] 1. Tooth 2. Enamel 3. Dentin 4. Dental pulp ::5. cameral pulp ::6. root pulp :7. Cementum :8. Crown ::9. Cusp ::10. Sulcus :11. Neck :12. Root ::13. Furcation ::14. Root apex :::15. Apical foramen 16. Gingival sulc...

RiyadhالرياضGeneral informationLocationSinaiyah Qadeem, Riyadh,Saudi ArabiaCoordinates24°39′01″N 46°44′26″E / 24.6504°N 46.7406°E / 24.6504; 46.7406Owned bySaudi Arabia RailwaysLine(s)Dammam–Riyadh LineTrain operatorsSaudi Arabia RailwaysConstructionStructure typeStandard on-ground stationParkingYesBicycle facilitiesNoHistoryOpened1981 (1981) Riyadh railway station is the main railway station in Riyadh, Saudi Arabia.It is located in the Sinaiya...

 

Christian states in the Levant, 1098–1291 This article is about the four feudal states established in the Levant around 1100. For other uses, see Crusader states (disambiguation). Outremer redirects here. For other uses, see Outre-Mer (disambiguation). Map of the territorial extent of the Crusader states (Edessa, Antioch, Tripoli, and Jerusalem) in the Holy Land in 1135, shortly before the Second Crusade.The Crusader states, or Outremer, were four Catholic polities that existed in the Levan...

 

Vyacheslav TikhonovTikhonov in 1998LahirVyacheslav Vasilyevich Tikhonov(1928-02-08)8 Februari 1928Pavlovsky Posad, Uni SovietMeninggal4 Desember 2009(2009-12-04) (umur 81)Moskwa, RusiaMakamPemakaman Novodevichy, MoskwaPekerjaanPemeranTahun aktif1948–2009Suami/istriNonna Mordyukova(1948–1963)Tamara Tikhonova(1968–2009) Vyacheslav Vasilyevich Tikhonov (Rusia: Вячесла́в Васи́льевич Ти́хонов; 8 Februari 1928, di Pavlovsky Posad - 4 Desember 2009, di Mo...

American politician (born 1980) This article is about the U.S. politician. For other people with the same name, see Chris Pappas (disambiguation). Chris PappasMember of the U.S. House of Representativesfrom New Hampshire's 1st districtIncumbentAssumed office January 3, 2019Preceded byCarol Shea-PorterMember of the New Hampshire Executive Councilfrom the 4th districtIn officeJanuary 3, 2013 – January 3, 2019Preceded byRaymond WieczorekSucceeded byTed GatsasMember of ...

 

American ventriloquist and puppeteer (1933–1998) For the Canadian television personality and film director, see Sharon Lewis. For another actress, see Sharon Pierre-Louis. Shari LewisLewis with Lamb Chop in June 1993BornPhyllis Naomi Hurwitz(1933-01-17)January 17, 1933New York City, U.S.DiedAugust 2, 1998(1998-08-02) (aged 65)Los Angeles, California, U.S.OccupationsVentriloquistpuppeteerauthorchildren's television show hostsingerYears active1952–1998Spouses Stan Lewis ​...

 

Голубянки Самец голубянки икар Научная классификация Домен:ЭукариотыЦарство:ЖивотныеПодцарство:ЭуметазоиБез ранга:Двусторонне-симметричныеБез ранга:ПервичноротыеБез ранга:ЛиняющиеБез ранга:PanarthropodaТип:ЧленистоногиеПодтип:ТрахейнодышащиеНадкласс:ШестиногиеКласс...

Disambiguazione – Se stai cercando l'elettrotreno della metropolitana di Milano, vedi Meneghino (treno). Meneghino AutoreCarlo Maria Maggi 1ª app.1695 1ª app. inIl manco male Caratteristiche immaginarieSessoMaschio Luogo di nascitaMilano Professioneservitore Meneghino (in dialetto milanese Meneghin, Menichino, dim. del nome di persona Domenico - Menico) è un personaggio del teatro milanese, ideato da Carlo Maria Maggi e divenuto in seguito maschera della commedia dell'arte. Pren...

 

2020年夏季奥林匹克运动会马来西亚代表團马来西亚国旗IOC編碼MASNOC马来西亚奥林匹克理事会網站olympic.org.my(英文)2020年夏季奥林匹克运动会(東京)2021年7月23日至8月8日(受2019冠状病毒病疫情影响推迟,但仍保留原定名称)運動員30參賽項目10个大项旗手开幕式:李梓嘉和吳柳螢(羽毛球)[1][2]閉幕式:潘德莉拉(跳水)[3]獎牌榜排名第74 金牌 銀牌 銅�...

 

Questa voce o sezione sull'argomento centri abitati della Toscana non cita le fonti necessarie o quelle presenti sono insufficienti. Puoi migliorare questa voce aggiungendo citazioni da fonti attendibili secondo le linee guida sull'uso delle fonti. NozzanofrazioneNozzano – VedutaVista di Nozzano Castello dal Serchio. LocalizzazioneStato Italia Regione Toscana Provincia Lucca Comune Lucca TerritorioCoordinate43°50′05″N 10°25′02″E / 43.834722°...

Indonesia Template‑class Indonesia portalThis template is within the scope of WikiProject Indonesia, a collaborative effort to improve the coverage of Indonesia and Indonesia-related topics on Wikipedia. If you would like to participate, please visit the project page, where you can join the discussion and see a list of open tasks.IndonesiaWikipedia:WikiProject IndonesiaTemplate:WikiProject IndonesiaIndonesia articlesTemplateThis template does not require a rating on Wikipedia's content asse...

 

Subdivision used by most states in the United States CountyAlso known as:County equivalent (see list below)CategorySecond-level administrative divisionLocationStates, federal district and territories of the United States of AmericaFound inStateNumber3,243 (including 136 county equivalents in the 50 states and the District of Columbia, and the 100 county equivalents in the U.S. territories)PopulationsGreatest: Los Angeles County, California—10,014,009 (2020)Least: Loving County, Texas-6...

 

«Io voio andar zoso [giù] per quella scala per la quale ascesi in dogado[1]» Francesco FoscariRitratto del doge Francesco Foscari eseguito da Lazzaro BastianiDoge di VeneziaStemma In carica15 aprile 1423 –22 ottobre 1457 PredecessoreTommaso Mocenigo SuccessorePasquale Malipiero NascitaVenezia, 19 giugno 1373 MorteVenezia, 1º novembre 1457 (84 anni) SepolturaBasilica di Santa Maria Gloriosa dei Frari, Venezia DinastiaFoscari ConiugiMaria Priuli dal BancoMarina Na...

1997–98 FIS Cross-Country World CupDiscipline Men WomenOverall Thomas Alsgaard Larisa Lazutina (2nd title)Long Distance Thomas Alsgaard Larisa LazutinaSprint Thomas Alsgaard Bente MartinsenNations Cup Norway RussiaNations Cup Overall NorwayCompetitionLocations 9 venues 9 venuesIndividual 12 events 12 eventsRelay/Team 4 events 4 events ←1996–971998–99→ The 1997–98 FIS Cross-Country World Cup was the 17th official World Cup season in cross-country skiing for men and women. The seaso...

 

Omar ValenciaNazionalità Panama Altezza180 cm Peso70 kg Calcio RuoloDifensore Squadra N.Y. Red Bulls CarrieraGiovanili 20??-2022 Plaza Amador Squadre di club1 2022 Plaza Amador8 (0)2022-→  N.Y. Red Bulls II33 (0)2024-→  N.Y. Red Bulls1 (0) Nazionale 2022 Panama U-205 (0)2023- Panama3 (0) 1 I due numeri indicano le presenze e le reti segnate, per le sole partite di campionato.Il simbolo → indica un trasferimento in prestito. Statistiche aggiornate al 7 ...