Afrikas horn er ein trekantformahalvøy på nordaustkysten av Afrika. Ho endar i ein spiss som kan minna om hornet på eit nashorn, og har fått namnet sitt derfrå. På spissen av hornet ligg den 275 meter høge klippa Kap Guardafui, også kalla Ras Assir. Det austlegaste punktet i Afrika, Ras Hafun, ligg litt sør for denne klippa.
Halvøya har kyststripe mot Indiahavet i søraust og mot Adenbukta i nord. Heile kyststrekninga høyrer til Somalia, mens den etiopiskeOgaden-ørkenen ligg i midten av halvøya. Afrikas horn kan også brukast med ein utvida definisjon om fleire land i Aust-Afrika: Heile Etiopia, Djibouti, Eritrea og Somalia, og tilstøytande område i Kenya og Sudan.