Fatwa (arabisk فتوى, fatwā) er ei rettsleg vurdering innan det muslimske lovsystemet (sjaria). Det er ei juridisk vurdering eller tolking av muslimsk jus gjort av ein kvalifisert jurist kalla ein mufti[1] eller mujtahid, sistnemnde i sjiaislam.[2] Vurderinga er ikkje ein bindande dom, men har autoritet. Fatwaer har form som svar på spørsmål stilt av ei gruppe eller ein person.[2]