Salman Rushdie (fødd 19. juni1947) er ein forfattar av romanar og noveller, kjend for fantastisk handling frå det indiske subkontinentet. Rushdie er ein kontroversiell forfattar, særleg på grunn av boka Sataniske vers, der det blir antyda i ei draumescene at somme av versa i Koranen kan vere skrivne av djevelen. Dette førte til at den iranske leiaren Khomeini sende ut ein fatwa med dødsdom for blasfemi mot Rushdie.
Verka hans er i grenselandet mellom ulike retningar som magisk realisme, postmodernisme og postkolonialisme. Han brukar språket levande, utfordrande og leikande, og eksperimenterer blant anna ved å blande engelsk med uttrykk frå andre språk, særleg urdu og hindi.
Liv og virke
Rushdie vart fødd og voks opp i Bombay i India der han voks opp, men fekk den høgare utdanninga si i England, der han mellom anna studerte historie ved King's College i Cambridge.
Rushdie har sidan fatwaen levd i eksil og under jorda i Storbritannia og seinare USA. Han har vore gift og skild fire gonger, med Clarissa Luard (1976 til 1987, fekk sonen Zafar saman), med den amerikanske forfattaren Marianne Wiggins (1988–1993), Elizabeth West (1997–2004, fekk sonen Milan saman), og med den indisk-amerikanske fjernsynskokken Padma Lakshmi (2004–2007).
Salman Rushdie oppretta i 1994 Det Internasjonale Forfattarparlamentet (IPW), eit internasjonalt nettverk av fristader for forfølgde forfattarar. Dette vart sidan til eit nettverk av fribyar under ICORN (International cities of refuge network).
Den 12. august 2022 vart Rushdie ramma av eit knivåtak på scenen under eit føredrag i Chautauqua County i New York.[1] Han vart knivstukken i andletet, halsen og overkroppen før gjerningsmannen vart overmanna av ein politimann. Etter åtaket missa Rushdie synet på det eine auga, fekk minka førleik i den eine handa og leid av PTSD.[2][3]