Riket blei oppretta med utganspunkt i kongeriket Magadha som dekte dagens Bihar, austre Uttar Pradesh og Bengal aust i India, som hadde Pataliputra, dagens Patna, som hovudstad. Det blei grunnlagd i 322 f.Kr. av Tsjandragupta, som styrta det styrande Nandadynastiet og raskt skaffa seg kontrollen over vestliggande område i sentrale og vestlege India der lokale herskarar var blitt svekka av hæren til Aleksander den store. I 320 f.Kr. hadde riket erobra hele nordvestlege India etter å ha sigra over dei gresk-persiske satrapane Aleksander hadde plassert der. Riket byrja gå tilbake 60 år etter at Asjoka døydde. Det blei til slutt oppløyst i 185 f.Kr. då Sungariket blei oppretta i Magadha.
Under Mauryaherredømet opplevde India sosiale og religiøse endringar. Tsjandragupta vigde seg til djainismen medan Asjoka gjekk over til buddhismen, som med hans støtte kunne spreia seg over eit stort område. Asjokaedikta vitner om eit forsøk på å spreia buddhistisk lære over eit vidt område.