Verdsmeisterskapen i friidrett 2015, den 15. i rekka, vart avvikla på nasjonalstadion i Beijing i Kina i tida frå 22. til 30. august 2015. Gjennom meisterskapen vart det tevla i 24 øvingar for menn og 23 for kvinner, nett dei same øvingane som i dei føregåande verdsmeisterskapane. Frå 207 deltakarland vart påmeldt 1 935 utøvarar.
Tikjemparen Ashton Eaton frå USA forbetra sin eigen tre år gamle verdsrekord i øvinga med 6 poeng til 9 045 poeng. Elles vart det sett fire meisterskapsrekordar, alle på kvinnesida. Den 27. august kasta polske Anita Włodarczyk sleggja heile 80,85 m, dagen etter sprang Dafne Schippers frå Nederland inn til 21,63 sekundar på 200 m. Sidan sprang Jamaica inn til gull på 4 x 100 m stafett på tida 37,36 sekundar, og avslutningsdagen imponerte Almaz Ayana frå Etiopia med 14.26,8 på 5 000 meter.
Isabelle Pedersen stod for den beste norske prestasjonen då ho vart nummer fire i sitt semifinaleløp på 100 meter hekk med ny personleg rekord på 12,86 sekundar. Det gav henne niandeplassen totalt i øvinga. Også Ezinne Okparaebo kvalfiserte seg til semifinalane, ho enda som nummer 18.