VM i friidrett 2009

Olympiastadion i Berlin
Usain Bolt frå Jamaica vart den store forgrunnsfiguren med tre gullmedaljar, to av dei etter verdsrekordar på 100 m og 200 m
VM-maskoten Berlino

VM i friidrett 2009 var den tolvte verdsmeisterskapen i friidrett og vart arrangert sommaren 2009Olympiastadion i Berlin, med øvingane maraton og kappgang inne i byen ved Brandenburger Tor. Meisterskapen starta 15. august og vart avslutta den 23. august.

2101 utøvarar frå 202 ulike nasjonar var påmelde til meisterskapen.[1] IAAF hadde på same tid 213 registrerte medlemmar.[2]

VM i friidrett var årets største sporthending i verda i 2009 og tredje største sportsarrangement etter sommar-OL og vinter-OL i talet på øvingar.[3]

Samandrag

Under VM i friidrett 2009 vart det sett tre verdsrekordar og fem meisterskapsrekordar. Jamaicanaren Usain Bolt gjentok bragda frå sommar-OL 2008 og noterte ein ny verdsrekord både på 100 og på 200 meter. Vidare sette polske Anita Włodarczyk ein ny verdsrekord i sleggjekast for damer.

Det vart sett meisterskapsrekord av Melaine Walker400 meter hekk for kvinner, Jamaicas herrelag på 4 x 100 meter stafett, Ezekiel Kemboi3000 meter hinder, Abel Kirui i maraton og Kenenisa Bekele10 000 meter. Bekele vart ved sida av Bolt ein av kongane i meisterskapen då han vann gullet på både 5 000 meter og 10 000 meter.

I tillegg til rekordane vil nok meisterskapen hugsast for at Jelena Isinbajeva enda sist i stavhopptevlinga då ho reiv på inngangshøgda. I spydkastinga for damer vann tyskaren Steffi Nerius gull i den siste store meisterskapen sin. Ytterlegare eitt minne vart Steven Hooker som trass skade greidde å vinne gullet i stavhopp for herrar. I kjølvatnet av VM oppstod ein diskusjon om kjønnstestar innan idretten, etter at det sørafrikanske vedunderbarnet Caster Semenya vann gull på 800 meter for kvinner.

Norske resultat

Noreg stilte med 14 utøvarar under meisterskapen.[4]

Gull i spydkast til Andreas Thorkildsen og sølv i 50 kilometer kappgang til Trond Nymark vart Noregs medaljehaust. Kjersti Tysse Plätzer var det andre medaljehåpet under meisterskapen, [5] men ho vart diska frå øvinga. [6]

Anlegg

Olympiastadion er dimensjonerte for 74 845 tilskodarar, men på grunn av at ein større seksjon er sett av til pressa, var det under meisterskapen plass til rundt 50 000. Stadionet er freda, men fekk likevel ein omfattande rehabilitering i forkant av fotball-VM i 2006 for omtrent 242 millionar .[7]

Deltakarane budde hovudsakleg på Hotel Estrel (950 rom) og Hotel Berlin (650 rom). Sportshendinga vart radio- og TV-send i meir enn 190 land[8].

Søknadsprosess

Berlin fekk tildelt arrangementet av IAAF den 6. desember 2004, og vann då over dei andre søkjarbyane Brisbane (Australia), Brussel (Belgia), Casablanca (Marokko), Daegu (Sør-Korea), New Delhi (India), Split (Kroatia) og Valencia (Spania). [9] Berlin by og Deutsche Leichtathletik-Verband (det tyske friidrettsforbundet) står som arrangørar for meisterskapen, gjennom ein eigen arrangementskomité etablert i 2005.[10]


Menn

100 meter

Usain Bolt er i mål på ny verdsrekord, 9.58 sekundar
Plass Utøvar Land Tid
Gull Usain Bolt  Jamaica 09,58 VR
Sølv Tyson Gay  USA 09,71
Bronse Asafa Powell  Jamaica 09,84
4. Daniel Bailey  Antigua og Barbuda 09,93
5. Richard Thompson  Trinidad og Tobago 09,93
6. Dwain Chambers  Storbritannia 10,00
  • Dato: 16. august


200 meter

Usain Bolt, til venstre, forbetra verdsrekorden på 200 m med 13 hundredels sekund til 19,32
Plass Utøvar Land Tid
Gull Usain Bolt  Jamaica 19,19 VR
Sølv Alonso Edward  Panama 19,81
Bronse Wallace Spearmon  USA 19,85
4. Shawn Crawford  USA 19,89
5. Steve Mullings  Jamaica 19,98
6. Charles Clark  USA 20,39


400 meter

Plass Utøvar Land Tid
Gull LaShawn Merritt  USA 44,06
Sølv Jeremy Wariner  USA 44,60
Bronse Renny Quow  Trinidad og Tobago 45,02
4. Tabarie Henry  Dei amerikanske Jomfruøyane 45,42
5. Chris Brown  Jamaica 45,47
6. David Gillick  Irland 45,53


800 meter

Målgang i den svært jamne finalen, der verdsmeisteren er i ferd med å falle etter å ha passert mållinja
Plass Utøvar Land Tid
Gull Mbulaeni Mulaudzi  Sør-Afrika 1.45,30
Sølv Alfred Yego  Kenya 1.45,35
Bronse Yusuf Saad Kamel  Bahrain 1.45,35
4. Jurij Borzakovskij  Russland 1.45,57
5. Amine Laalou  Marokko 1.45,66
6. Nick Symmonds  USA 1.45,71
7. Bram Som  Nederland 1.45,86
8. Marcin Lewandowski  Polen 1.46,17


1 500 meter

Plass Utøvar Land Tid
Gull Yusuf Saad Kamel  Bahrain 3.35,93
Sølv Deresse Mekonnen  Etiopia 3.36,01
Bronse Bernard Lagat  USA 3.36,20
4. Asbel Kiprop  Kenya 3.36,57
5. Augustine Kiprono Choge  Kenya 3.36,53
6. Mohamed Moustaoui  Marokko 3.36,57
7. Mehdi Baala  Frankrike 3.36,99


5 000 meter

Plass Utøvar Land Tid
Gull Kenenisa Bekele  Etiopia 13.17,10
Sølv Bernard Lagat  USA 13.17,33
Bronse James Kwalia C'Kurui  Qatar 13.17,78
4. Moses Ndiema Kipsiro  Uganda 13.18,11
5. Eliud Kipchoge  Kenya 13.18,95
6. Ali Abdosh  Etiopia 13.19,11


10 000 meter

Kenenisa Bekele sette meisterskapsrekord på 10 000 m, seinare vann han også 5000 m
Plass Utøvar Land Tid
Gull Kenenisa Bekele  Etiopia 26.46,31
Sølv Zersenay Tadese  Eritrea 26.50,12
Bronse Moses Ndiema Masai  Kenya 26.57,39
4. Imane Merga  Etiopia 27.15,97
5. Bernard Kipyego  Kenya 27.18,47
6. Dathan Ritzenhein  USA 27.22,28


110 meter hekk

Plass Utøvar Land Tid
Gull Ryan Brathwaite  Barbados 13,14
Sølv Terrence Trammell  USA 13,15
Bronse David T. Payne  USA 13,15
4. William Sharman  Storbritannia 13,30
5. Maurice Wignall  Jamaica 13,31
6. Petr Svoboda  Tsjekkia 13,38


400 meter hekk

Kerron Clement, midt i biletet, vann langhekken
Plass Utøvar Land Tid
Gull Kerron Clement  USA 47,91
Sølv Javier Culson  Puerto Rico 48,09
Bronse Bershawn Jackson  USA 48,23
4. Jehue Gordon  Trinidad og Tobago 48,26
5. Periklis Iakovakis  Hellas 48,42
6. Danny McFarlane  Jamaica 48,65


3 000 meter hinder

Ezekiel Kemboi vann hinderløpet på ny meisterskapsrekord
Plass Utøvar Land Tid
Gull Ezekiel Kemboi  Kenya 8.00,43
Sølv Richard Mateelong  Kenya 8.00,89
Bronse Bouabdellah Tahri  Frankrike 8.01,18
4. Paul Koech  Kenya 8.01,26
5. Yacob Jarso  Etiopia 8.12,13
6. Roba Gari  Etiopia 8.12,40
7. Brimin Kipruto  Kenya 8.12,61
8. Jukka Keskisalo  Finland 8.14,47


Maraton

Plass Utøvar Land Tid
Gull Abel Kirui  Kenya 2.06.45
Sølv Emmanuel Mutai  Kenya 2.07.48
Bronse Tsegay Kebede  Etiopia 2.08.35
4. Yemane Tsegay  Etiopia 2.08.42
5. Robert Kipkoech Cheruiyot  Kenya 2.10.46
6. Atsushi Satō  Japan 2.12.05


4 x 100 meter stafett

Jamaica forbetra meisterskapsrekorden på 4 x 100 meter stafett
Plass Land Utøvarar Tid
Gull  Jamaica Steve Mullings
Michael Frater
Usain Bolt
Asafa Powell
37,31
Sølv  Trinidad og Tobago Darrel Brown
Marc Burns
Emmanuel Callander
Richard Thompson
37,62
Bronse  Storbritannia Simeon Williamson
Tyrone Edgar
Marlon Devonish
Harry Aikines-Aryeetey
38,02
4.  Japan Masashi Eriguchi
Naoki Tsukahara
Shinji Takahira
Kenji Fujimitsu
38,30
5.  Canada Sam Effah
Oluseyi Smith
Jared Connaughton
Bryan Barnett
38,39
6  Italia Roberto Donati
Simone Collio
Emanuele Di Gregorio
Fabio Cerutti
38,54


4 x 400 meter stafett

Plass Land Utøvarar Tid
Gull  USA Angelo Taylor
Jeremy Wariner
Kerron Clement
LaShawn Merritt
2.57,86
Sølv  Storbritannia Conrad Williams
Michael Bingham
Robert Tobin
Martyn Rooney
3.00,53
Bronse  Australia John Steffensen
Ben Offereins
Tristan Thomas
Sean Wroe
3.00,90
4.  Belgia Antoine Gillet
Kévin Borlée
Nils Duerinck
Cedric van Branteghem
3.01,88
5.  Polen Marcin Marciniszyn
Piotr Klimczak
Kacper Kozłowski
Jan Ciepiela
3.02,23
6  Den dominikanske republikken Arismendy Peguero
Yon Soriano
Yoel Tapia
Félix Sánchez
3.02,47


20 kilometer kappgang

Plass Utøvar Land Tid
Valerij Bortsjin  Russland 1.18.41
2. Wang Hao  Kina 1.19.21
3. Eder Sánchez  Mexico 1.19.22
4. Giorgio Rubino  Italia 1.19.50
5. Luis López  Colombia 1.20.03
6. Jared Tallent  Australia 1.20.27
7. Erik Tysse  Noreg 1.20.38
  • Dato: 15. august
  • Bortsjin sitt resultat vart i 2015 underkjent av IAAF.


50 kilometer kappgang

Plass Utøvar Land Tid
1. Sergej Kirdjapkin  Russland 3.38.35
2. Trond Nymark  Noreg 3.41.16
3. Jesús Ángel García  Spania 3.41.37
4. Grzegorz Sudoł  Polen 3.42.34
5. André Höhne  Tyskland 3.43.19
6. Luke Adams  Australia 3.43.39


Høgdehopp

Plass Utøvar Land Høgde
1. Jaroslav Rybakov  Russland 2,32
2. Kyriakos Ioannou  Kypros 2,32
3. Sylwester Bednarek  Polen 2,32
3. Raul Spank  Tyskland 2,32
5. Jaroslav Bába  Tsjekkia 2,23
5. Mickael Hanany  Frankrike 2,23
5. Martijn Nuyens  Nederland 2,23
5. Linus Thörnblad  Sverige 2,23


Stavhopp

Plass Utøvar Land Høgde
1. Steven Hooker  Australia 5,90
2. Romain Mesnil  Frankrike 5,85
3. Renaud Lavillenie  Frankrike 5,80
4. Maksim Masuryk  Ukraina 5,75
5. Aleksandr Gripikh  Russland 5,75
6. Damiel Dossevi  Frankrike 5,75
7. Giuseppe Gibilisco  Italia 5,65


Lengdehopp

Dwight Phillips forsvarte VM-tittelen i Berlin
Plass Utøvar Land Lengde
Gull Dwight Phillips  USA 8,54
Sølv Godfrey Khotso Mokoena  Sør-Afrika 8,47
Bronse Mitchell Watt  Australia 8,37
4. Fabrice Lapierre  Australia 8,21
5. Greg Rutherford  Storbritannia 8,17
6. Salim Sdiri  Frankrike 8,07


Tresteghopp

Phillips Idowu i aksjon under VM i Berlin
Plass Utøvar Land Lengde
Gull Phillips Idowu  Storbritannia 17,73
Sølv Nelson Évora  Portugal 17,55
Bronse Alexis Copello  Cuba 17,36
4. Leevan Sands  Bahamas 17,32
5. Arnie Giralt  Cuba 17,26
6. Li Yanxi  Kina 17,23


Kulestøyt

Plass Utøvar Land Lengde
1. Christian Cantwell  USA 22,03 m
2. Tomasz Majewski  Polen 21,91 m
3. Ralf Bartels  Tyskland 21,37 m
4. Reese Hoffa  USA 21,28 m
5. Adam Nelson  USA 21,11 m
6. Pavel Lyzjyn  Kviterussland 20,98 m


Diskoskast

Robert Harting vart verdsmeister på tysk heimebane
Plass Utøvar Land Lengde
1. Robert Harting  Tyskland 69,43 m
2. Piotr Malachowski  Polen 69,15 m
3. Gerd Kanter  Estland 66,88 m
4. Virgilijus Alekna  Litauen 66,36 m
5. Casey Malone  USA 66,06 m
6. Zoltan Kövágó  Ungarn 65,17 m


Sleggekast

Plass Utøvar Land Lengde
1. Primož Kozmus  Slovenia 80,84 m
2. Szymon Ziółkowski  Polen 79,30 m
3. Aleksej Zagornij  Russland 78,09 m
4. Krisztián Pars  Ungarn 77,45 m
5. Sergej S. Litvinov  Tyskland 76,58 m
6. Markus Esser  Tyskland 76,27 m


Spydkast

Andreas Thorkildsen vann gullmedaljen i Berlin, etter sølv i dei to føregåande verdsmeisterskapane
Plass Utøvar Land Lengde
Gull Andreas Thorkildsen  Noreg 89,59
Sølv Guillermo Martínez  Cuba 86,41
Bronse Yukifumi Murakami  Japan 82,97
4. Vadims Vasiļevskis  Latvia 82,37
5. Tero Pitkämäki  Finland 81,90
6. Antti Ruuskanen  Finland 81,87


Tikamp

Trey Hardee vann tikampen
Plass Utøvar Land Poeng
Gull Trey Hardee  USA 8 790
Sølv Leonel Suárez  Cuba 8 640
Aleksandr Pogorelov  Russland (8 528)
4. Oleksij Kasjanov  Ukraina 8 479
5. Aleksej Sysojev  Russland 8 454
6. Pascal Behrenbruch  Tyskland 8 439
  • Dato: 19./20. august

IAAF annullerte i 2016 Pogorelov sitt resultat.

Kvinner

100 meter

Dato: 17. august

200 m

Allyson Felix på veg mot sitt tredje strake VM-gull på 200 meter
Plass Utøvar Land Tid
1 Allyson Felix  USA 22,02
2 Veronica Campbell-Brown  Jamaica 22,35
3 Debbie Ferguson-McKenzie  Bahamas 22,41
4 Muna Lee  USA 22,48
5 Anneisha McLaughlin  Jamaica 22,62
6 Simone Facey  Jamaica 22,80

Finale: 21. august

400 m

Plass Utøvar Land Tid
1 Sanya Richards  USA 49,00
2 Shericka Williams  Jamaica 49,32
3 Antonina Krivosjapka  Russland 49,71
4 Novlene Williams-Mills  Jamaica 49,77
5 Christine Ohuruogu  Storbritannia 50,21
6 Debbie Dunn  USA 50,35

Finale: 18. august

800 m

Caster Semenya vann 800 m i suveren stil, og utløyste ein debatt om kjønnstesting
Plass Utøvar Land Tid
1 Caster Semenya  Sør-Afrika 1.55,45
2 Janeth Jepkosgei  Kenya 1.57,90
3 Jennifer Meadows  Storbritannia 1.57,93
4 Julija Krevsun  Ukraina 1.58,00
5 Marija Savinova  Russland 1.58,68
6 Elisa Cusma Piccione  Italia 1.58,81

Finale: 19. august

1500 m

Plass Utøvar Land Tid
Gull Maryam Yusuf Jamal  Bahrain 4.03,74
Sølv Lisa Dobriskey  Storbritannia 4.03,75
Bronse Shannon Rowbury  USA 4.04,18
4 Nuria Fernández  Spania 4.04,91
5 Christin Wurth-Thomas  USA 4.05,21
6 Anna Willard  USA 4.06,19

Finale: 23. august

5000 m

Plass Utøvar Land Tid
1 Vivian Cheruiyot  Kenya 14.57,97
2 Sylvia Kibet  Kenya 14.58,33
3 Meseret Defar  Etiopia 14.58,41
4 Sentayehu Ejigu  Etiopia 15.03,38
5 Meselech Melkamu  Etiopia 15.03,72
6 Iness Chenonge  Kenya 15.06,06

Finale: 22. august

10 000 m

Plass Utøvar Land Tid
1 Linet Masai  Kenya 30.51,24
2 Meselech Melkamu  Etiopia 30.51,34
3 Wude Ayalew  Etiopia 30.51,95
4 Grace Momanyi  Kenya 30.52,25
5 Meseret Defar  Etiopia 30.52,37
6 Amy Yoder Begley  USA 31.13,78

Dato: 15. august

Maraton

Plass Utøvar Land Tid
1 Bai Xue  Kina 2.25.15
2 Yoshimi Ozaki  Japan 2.25.25
3 Aselefech Mergia  Etiopia 2.25.32
4 Zhou Chunxiu  Kina 2.25.39
5 Zhu Xiaolin  Kina 2.26.08
6 Marisa Barros  Portugal 2.26.50

Dato: 23. august

20 km kappgang

Plass Utøvar Land Tid
1 Olga Kaniskina  Russland 1.28.09
2 Olive Loughnane  Irland 1.28.58
3 Liu Hong  Kina 1.29.10
4 Anisija Kirdjapkina  Russland 1.30.09
5 Vera Santos  Portugal 1.30.35
6 Beatriz Pascual  Spania 1.30.40

Dato: 16. august

100 meter hekk

Plass Utøvar Land Tid
Gull Brigitte Foster-Hylton  Jamaica 12,51
Sølv Priscilla Lopes-Schliep  Canada 12,54
Bronse Delloreen Ennis-London  Jamaica 12,55
4 Derval O’Rourke  Irland 12,67
5 Sally McLellan  Australia 12,70
6 Ginnie Powell  USA 12,78
7 Dawn Harper  USA 12,81

Finale: 19. august

400 m hekk

Melaine Walker frå Jamaica sette meisterskaps-rekord på langhekken
Plass Utøvar Land Tid
1 Melaine Walker  Jamaica 52,42 MR
2 Lashinda Demus  USA 52,96
3 Josanne Lucas  Trinidad og Tobago 53,20
4 Kaliese Spencer  Jamaica 53,56
5 Tiffany Williams  USA 53,83
6 Natalja Antjukh  Russland 54,11

Dato: 20. august

3000 m hinder

Plass Utøvar Land Tid
1 Marta Domínguez  Spania 9.07,32
2 Julija Zarudneva  Russland 9.08,39
3 Milcah Cheywa  Kenya 9.08,57
4 Gulnara Galkina  Russland 9.11,09
5 Jennifer Barringer  USA 9.12,50
6 Habiba Ghribi  Tunisia 9.12,52

Finale: 17. august

4 × 100 meter stafett

Plass Land Utøvarar Tid
Gull  Jamaica Simone Facey
Shelly-Ann Fraser
Aleen Bailey
Kerron Stewart
42,06
Sølv  Bahamas Sheniqua Ferguson
Chandra Sturrup
Christine Amertil
Debbie Ferguson-McKenzie
42,29
Bronse  Tyskland Marion Wagner
Anne Möllinger
Cathleen Tschirch
Verena Sailer
42,87
4  Russland Jevgenija Poljakova
Aleksandra Fedoriva
Julija Gusjtsjina
Julija Tsjermosjanskaja
43,00
5  Brasil Rosemar Maria Neto
Lucimar Aparecida
Thaissa Presti
Vanda Gomes
43,13
6  Storbritannia Laura Turner
Montell Douglas
Emily Freeman
Emma Ania
43,16

Finale: 22. august

4 × 400 m stafett

Plass Land Utøvarar Tid
Gull  USA Debbie Dunn
Allyson Felix
Lashinda Demus
Sanya Richards
3.17,83
Sølv  Jamaica Rosemarie Whyte
Novlene Williams-Mills
Shereefa Lloyd
Shericka Williams
3.21,15
 Russland Anastasija Kapatsjinskaja
Tatjana Firova
Ljudmila Litvinova
Antonina Krivosjapka
(3.21,64)
4  Storbritannia Lee McConnell
Christine Ohuruogu
Vicki Barr
Nicola Sanders
3.25,16
5  Tyskland Fabienne Kohlmann
Sorina Nwachukwu
Esther Cremer
Claudia Hoffmann
3.27,61
6  Nigeria Endurance Abinuwa
Muizat Ajoke Odumosu
Josephine Ehigie
Folashade Abugan
3.28,55

Finale: 23. august

Høgdehopp

Blanka Vlašic gjekk over 2,04 m og vann gull i høgdehopp
Plass Utøvar Land Høgde
1 Blanka Vlašić  Kroatia 2,04
2 Anna Tsjitsjerova  Russland 2,02
3 Ariane Friedrich  Tyskland 2,02
4 Antonietta Di Martino  Italia 1,99
5 Ruth Beitia  Spania 1,99
6 Svetlana Sjkolina  Russland 1,96
7 Emma Green  Sverige 1,96

Finale: 20. august

Stavhopp

Plass Utøvar Land Høgde
1 Anna Rogowska  Polen 4,75
2 Monika Pyrek  Polen 4,65
Chelsea Johnson  USA 4,65
4 Silke Spiegelburg  Tyskland 4,65
5 Fabiana Murer  Brasil 4,55
6 Kate Dennison  Storbritannia 4,55

Finale: 17. august

Lengdehopp

Brittney Reese under VM i Berlin
Plass Utøvar Land Lengde
1 Brittney Reese  USA 7,10
2 Tatjana Lebedeva  Russland 6,97
3 Karin Mey Melis  Tyrkia 6,80
4 Naide Gomes  Portugal 6,77
5 Olga Kutsjerenko  Russland 6,77
6 Shara Proctor  Anguilla 6,71
7 Maurren Maggi  Brasil 6,68

Finale: 23. august

Tresteghopp

Plass Utøvar Land Lengde
Gull Yargelis Savigne  Cuba 14,95
Sølv Mabel Gay  Cuba 14,61
Bronse Anna Pjatykh  Russland 14,58
4 Biljana Topić  Serbia 14,52
5 Trecia Smith  Jamaica 14,48
Tatjana Lebedeva  Russland (14,37)

Finale: 17. august

Kulestøyt

Valerie Vili
Plass Utøvar Land Lengde
1 Valerie Vili  New Zealand 20,44
2 Nadine Kleinert  Tyskland 20,20
3 Gong Lijiao  Kina 19,89
4 Natallja Mikhnevitsj  Kviterussland 19,66
5 Anna Avdejeva  Russland 19,66
6 Michelle Carter  USA 18,96

Finale: 16. august

Diskoskast

Plass Utøvar Land Lengde
1 Dani Samuels  Australia 65,44
2 Yarelys Barrios  Cuba 65,31
3 Nicoleta Grasu  Romania 65,20
4 Żaneta Glanc  Polen 62,66
5 Song Aimin  Kina 62,42
6 Nadine Müller  Tyskland 62,04

Finale: 21. august

Sleggjekast

Anita Włodarczyk forbetra verdsrekorden i sleggjekast til 77,96 m
Plass Utøvar Land Lengde
1 Anita Włodarczyk  Polen 77,96 VR
2 Betty Heidler  Tyskland 77,12
3 Martina Hrašnová  Slovakia 74,79
4 Kathrin Klaas  Tyskland 74,23
5 Zhang Wenxiu  Kina 72,57
6 Tatjana Lysenko  Russland 72,22

Finale: 22. august

Spydkast

Plass Utøvar Land Lengde
Gull Steffi Nerius  Tyskland 67,30
Sølv Barbora Špotáková  Tsjekkia 66,42
Marija Abakumova  Russland (66,06)
4 Monica Stoian  Romania 64,51
5 Christina Obergföll  Tyskland 64,34
6 Linda Stahl  Tyskland 63,23
7 Osleidys Menéndez  Cuba 63,11

Finale: 18. august

Abakumova sitt resultat vart underkjent i 2016.

Sjukamp

Jessica Ennis var suveren i sjukampen
Plass Utøvar Land Poeng
Gull Jessica Ennis  Storbritannia 6 731
Sølv Jennifer Oeser  Tyskland 6 493
Bronse Kamila Chudzik  Polen 6 471
4 Natalja Dobrynska  Ukraina 6 444
5 Ljudmyla Josypenko  Ukraina 6 416
6 Hanna Melnytsjenko  Ukraina 6 414

Dato: 15./16. august

Medaljeoversyn

Nr Nasjon Gull Sølv Bronse Totalt
1.  USA 10 6 6 22
2.  Jamaica 7 4 2 13
3.  Kenya 4 5 2 11
4.  Russland 4 3 6 13
5.  Polen 2 4 2 8
6.  Tyskland 2 3 4 9
7.  Etiopia 2 2 4 8
8.  Storbritannia 2 2 2 6
9.  Sør-Afrika 2 1 0 3
10.  Australia 2 0 2 4
11.  Bahrain 2 0 1 3
12.  Cuba 1 4 1 6
13.  Folkerepublikken Kina 1 1 2 4
14.  Noreg 1 1 0 2
15.  Spania 1 0 1 2
16.  Barbados 1 0 0 1
16.  Kroatia 1 0 0 1
16.  New Zealand 1 0 0 1
16.  Slovenia 1 0 0 1
20.  Frankrike 0 1 2 3
20.  Trinidad og Tobago 0 1 2 3
22.  Bahamas 0 1 1 2
22.  Japan 0 1 1 2
24.  Canada 0 1 0 1
24.  Eritrea 0 1 0 1
24.  Irland 0 1 0 1
24.  Kypros 0 1 0 1
24.  Panama 0 1 0 1
24.  Portugal 0 1 0 1
24.  Puerto Rico 0 1 0 1
24.  Tsjekkia 0 1 0 1
32.  Estland 0 0 1 1
32.  Mexico 0 0 1 1
32.  Qatar 0 0 1 1
32.  Romania 0 0 1 1
32.  Slovakia 0 0 1 1
32.  Tyrkia 0 0 1 1

Sjå òg

Kjelder

Referansar
  1. «Entry List» (PDF). IAAF. Arkivert frå originalen (PDF) 23. august 2009. Henta 11. august 2009. 
  2. IAAF National Member Federations, IAAF, henta 11. august 2009 
  3. 205 Member Federations and $7 million in Prize Money set for Berlin, IAAF, 3. juli 2009, arkivert frå originalen 17. august 2009, henta 14. august 2009 
  4. «Her er den norske VM-troppen», VG, 4. august 2009 
  5. Dagbladet:29 års marsj er over. Publisert: 14. august 2009. Vitja: 15. august 2009
  6. NRK: - Eg ville vinne Publisert: 16. august 2009
  7. iaaf.no Berlin to host 2009 World Championships vitja 15. august 2009
  8. Berlin 2009 - The spectacular athletics event berlin 2009™ will be broadcasted in over 190 countries
  9. IAAF News No.69. IAAF Publisert: 20. juli 2004. Vitja 15. august 2009.
  10. Event Information - FAQ. Berlin 2009. Vitja 15. august 2009.

Bakgrunnsstoff