Sladest er eit samlealbum av det britiske rockebandet Slade. Det vart gjeve ut av Polydor den 28. september 1973 og selde til sølvplate i Storbritannia den månaden. Det låg på lista i 24 veker.[1] Albumet selde til gullplate i Storbritannia i november 1973.[2] I Amerika vart Sladest gjeve ut av Reprise med ei anna sporliste. Det nådde 129. plassen på Billboard 200.[3]
Bakgrunn
I 1973 var Slade eit av dei mest populære banda i Storbritannia, etter å ha oppnådd to nummer éin-singlar - «Cum On Feel The Noize» og «Skweeze Me, Pleeze Me» - på tre månader. Begge hadde gått rett til topps på lista, noko som var ein sjeldan bragd den gongen og ikkje hadde vorte oppnådd sidan The Beatles med «Get Back» i 1969. Likevel kort tid etter utgivinga av «Skweeze Me, Pleeze Me», var trommeslagaren Don Powell involvert i ei nesten dødeleg bilulykke i juli 1973. Ulykka sette framtida til bandet i tvil, og trass i den kritiske tilstanden hans klarte Powell å komma seg.[4]
Medan dei spelte inn det neste studioalbumet sitt, Old New Borrowed and Blue, valde Slade å gje ut ei samleplate for å oppretthalde momentet til bandet. Sladest kom ut i september 1973 på same dagen som den nye singelen «My Friend Stan». Sladest toppa den britiske albumlista og vart ein suksess i Europa og andre stader. Den første veka selde det til sølvplate i Storbritannia og i november hadde det oppnådd gullplate for 200 000 selde eksemplar.[5][6] Det låg på toppen av lista dei første tre vekene etter det kom ut og gjekk seinare til topps på lista igjen i midten av januar 1974 etter suksessen til «Merry Xmas Everybody».[1]
Utgjeving
Sladest skulle opphavleg heite «The Best of Slade».[7][8] Det bestod av fjorten spor og inneheld åtte av hitsinglane deira fram til då, i lag med seks andre spor som kom frå tida før dei slo gjennom i 1971. I Amerika vart albumet gjeve ut av Reprise (Warner Bros. Records), og var den første utgjevinga deira for selskapet. Utgjevinga bestod av ti spor, inkludert åtte av hitsinglane deira, i tillegg til «My Friend Stan» og B-sida 0«My Town».
Sladest vart først gjeven ut på CD i Japan i 1988.[9] Ei utgåve på CD i Europa og Storbritannia kom i 1993.[10][11] I 2011 vart albumet ommastra og gjeve ut på CD av Salvo. Det inneheld fire ekstra spor, mellom anna den tidlegare ikkje-utgjevne studioutgåva av «Hear Me Calling».[12]
Då albumet kom ut i Amerika skildra Ken Barnes i Rolling Stone albumet som ei «omfattande samling», som gav «uforbedrande perspektiv på dei tidlegare suksessane deira, i tillegg til nokre av dei villaste rock-and-roll-songane du nokon gong vil høyra». Han oppsummerte albumet som «årets beste rockealbum».[16]Robert Christgau meinte at Slayed? var «mindre melodirikt», han føretrekte dette føre Sladest, som inneheld songar som såg «desse anglopop-fenomane bli til galne galningar».[17]Billboard meinte albumet var ein «ekstremt smart manøver», og tente «både føremålet med å introdusere dei som eit singelband og gav dei nesten ein ny start med det amerikanske publikummet».[18]
I ei seinare melding skreiv Paul Tinelli i AllMusic at albumet inneheld «alle songane som hjelpte bandet å selje tonnevis av plater og fylle arenaer i Storbritannia tidleg i 1970-åra.» Han meinte materialet som gjekk bort frå «suksessformelen med fengande gitarriff og store refreng mislukkast».[13] I 2003 inkluderte Spin albumet på lista si over «essensiell glamrock». Dei skreiv at materialet hadde «vindtunnel gitar og refreng den mest lager-fulle bølla kunne synge med på», og la til at dei «stadion-stampande anthem-ane her køyrer spekteret frå dum til dummare.»[19]