«How Does It Feel» er ein song av det britiske rockebandet Slade, gjeven ut i 1975 som den andre singelen frå filmmusikkalbumet og det femte studioalbumet deira Slade in Flame. Songen vart spelt inn for filmen med same namn.[1] Han vart skriven av solovokalisten Noddy Holder og bassisten Jim Lea, og produsert av Chas Chandler. Han nådde 15. plassen på den britiske singellista og låg inne på lista i sju veker.[2]
Melodien til «How Does It Feel» var den første Lea hadde skrive nokon gong, då han framleis gjekk på skulen.[3]
I 1999 sa Noel Gallagher frå Oasis at songen var «ein av dei beste songane skrivne nokon gong i pophistoria».[4]
B-sida til singelen var «So Far So Good», som òg kom ut på albumet. I USA vart «O.K. Yesterday Was Yesterday» gjeven ut som B-side. Denne var òg frå Slade in Flame.
- 7"-singel
- «How Does It Feel» - 4:46
- «So Far So Good» - 2:59
- 7"-singel (Amerikansk utgåve)
- «How Does It Feel» - 3:15
- «O.K. Yesterday Was Yesterday» - 3:58
- 7"-singel (Amerikansk promo)
- «How Does It Feel» - 3:15
- «How Does It Feel» - 3:15
Salslister
Liste (1975)
|
Plassering
|
Den tyske singellista[5]
|
36
|
Irish Singles Chart[6]
|
11
|
UK Singles Chart[2]
|
15
|
Andre versjonar
- I 2001 spelte den engelske rockevokalisten Chris Farlowe inn ein versjon av sporet til hyllestalbumet Slade Remade.[7]
- I 2006 gav den engelske rockegruppa Def Leppard ut sin eigen versjon av songen som eit eksklusivt bonusspor frå iTunes for albumet Yeah!.[8]
- I 2016 framførte den engelske songar-låtskrivaren James Blunt ein versjon av songen som ein del av settet hans ved opningsseremonien for Invictus Games 2016 i Orlando i Florida.
- I 2017 gav den britiske songaren Joanna Forest ut sin eigen versjon av songen på debutalbumet Stars Are Rising. Han vart utgjeven som den første singelen til albumet.[9]
Medverkande
- Slade
- Andre medverkande
Kjelder
Bakgrunnsstoff
|
---|
|
Studioalbum | |
---|
Konsertalbum | |
---|
Samlealbum | |
---|
Plateboksar | |
---|
EP-ar | |
---|
Singlar | |
---|
Video | |
---|
Tilknytte artiklar | |
---|