«Look Wot You Dun» er ein song av det britiske rockebandet Slade, gjeve ut i 1972 som ein singel utan album. Songen vart skriven av solovokalisten Noddy Holder, bassisten Jim Lea og trommeslagaren Don Powell, og produsert av Chas Chandler. Han nådde fjerdeplassen på den britiske singellista og låg på lista i ti veker.[3] Songen kom sidan ut på samlealbumet Sladest i 1973.[4]
Background
Etter at dei slo gjennom med hitten «Get Down and Get With It», fekk Slade meir suksess med oppfølgjaren «Coz I Luv You», som toppa lista i oktober 1971.[3] «Look Wot You Dun» kom ut som oppfølgjaren i januar 1972 og fortsette suksessen deira då han nådde fjerdeplassen i Storbritannia.[3] Songen var den andre dei gav ut med feilstava songtittel, etter «Coz I Luv You». Då han kom ut skapte «Look Wot You Dun» protestar blant lærarar i heile Storbritannia sidan dei meinte den fonetiske stavinga skapte forvirring blant elevane.[5]
«Look Wot You Dun» vart stort sett skriven av Lea og Powell. Då grunnideen til songen var forma, tok Lea han til Holder, som la til sine bidrag. Powell song ei form for korvokal på songen i form av tung pusting på refrenget. For innspelinga av songen lånte Hill gitaren til Peter Frampton sidan dårleg vêr over jula gjorde at gitaren hans ikkje nådde fram til studio som venta.[6]
Utgjeving
«Look Wot You Dun» kom ut på 7"-vinyl på Polydor Records i Storbritannia, Irland, i Europa, Skandinavia, Jugoslavia, Sør-Afrika, Australia, New Zealand, Argentina, Brasil, Libanon og Japan. I Amerika vart han gjeven ut på Cotillion.[7][8] B-sida til singelen var «Candidate», som kom ut på samlealbumet Coz I Luv You i 1972. Han kom òg ut på samleplata B-Sides i 2007.
Marknadsføring
Det vart filma to musikkvideoar for å marknadsføre singelen, og begge vart filma av Caravelle. Den første videoen vart filma i Chessington Zoo i London. Ein ny video vart filma i studio og bestod av gruppa som framførte songen, medan Holder hadde på seg eit magikar-kostyme.[9][10] I Storbritannia vart songen framført på musikkshowet Top of the Pops. I Tyskland spelte dei òg songen på Hits a GoGo.[11]
Mottaking
Då songen kom ut skildra Record Mirror han som ein song med «kraftig stakkato-aktig tema, med ei kommersiell kjensle, gruppevokal, innslag av gitar».[12] Det amerikanske magasinet Cash Box meinte singelen var «vekas singel» i februar 1972. Dei meinte den «Lennon-aktige stilen» av songen «i utgangspunktet er eit solid programmeringselement på musikalske merittar åleine».[13]
Innhald
7"-singel
«Look Wot You Dun» - 2:45
«Candidate» - 2:40
7"-singel (Amerikansk promo)
«Look Wot You Dun» - 2:45
«Look Wot You Dun» - 2:45
Coverversjonar
I 1972 gav Alan Caddy Orchestra and Singers ut ein orkesterversjon av songen på albumet Six Top Hits.[14]
I 1972 spelte den finske songaren Markku Aro inn songen under namnet «Täyttä totta» som kom ut på albumet Oo - Mikä Nainen. Den finske omsetjinga vart laga av Leo Länsi.[15]
I 1973 spelte det austtyske rockebandet Puhdys inn songen «Geh zu ihr», som var basert på «Look Wot You Dun», for filmen The Legend of Paul and Paula etter at regissøren Heiner Carow ikkje klarte å få rettane til originalen. Songen kom ut på albumet Puhdys 1.[16]
I 2001 spelte den engelske vokalisten og musikaren Steve Overland inn ein versjon av songen for hyllestalbumet Slade Remade.[17]
I 2014 spelte det franske big-rock-bandet Furious Zoo spelte inn ein versjon av songen på det sjuande albumet deira Back to Blues Rock.[18]