Paleogen
Paleogen er ein geologisk periode på den geologiske tidsskalaen som saman med det etterfylgjande neogen utgjer kenozoikum (Jordas nytid). Paleogen byrja for 65,5 millionar år sidan og slutta for 23 millionar år sidan. Perioden vart definert av Carl Friedrich Naumann i 1866. Tidlegare vart jorda si nytid delt i tertiær og kvartær, men denne inndelinga vart endra i 2004 av International Commission on Stratigraphy. Paleogen omfatta berre den eldste delen av tertiær. EpokarDei geologiske epokane som paleogen vert delt i er paleocen, eocen og oligocen. Skilja går ved høvesvis 56 og 34 millionar år før notida. TektonikkDet sørlege kontinentet Gondwanaland delte seg i paleogen i Antarktis, Australia og Sør-Amerika, medan det nordlege kontinentet Laurasia delte seg i Grønland og Europa. Tethyshavet vart heilt lukka då Arabia kolliderte med Eurasia. I løpet av dei såkalla laramidske og alpine orogenesen vart Alpane, Andesfjella, Atlasfjella, Himalaya og Rocky Mountains danna. BergartarSedimentære bergartar er vanlege frå paleogen. KlimaKlimaet var i første delen av paleogen relativt varmt. For omkring 40 mill. år sidan kom ei tydeleg klimaforverring, der gjennomsnittstemperaturen gjekk ned med kanskje 10° i løpet av få millionar år. Det er truleg at dei store isdekka i Antarktis vart danna på denne tida, mens den nordlege halvkula heldt fram med å vera isfri gjennom heile perioden. LivSkogane på land var dominerte av furuer, sypresser og lauvtre. I paleogen byrja fuglane og pattedyra sine radiasjonar sette inn. Kjelder
Bakgrunnsstoff
|