Ein tilnærma tidsskala for trias. Skala: Millionar år sidan.
Trias er ein geologisk periode som varte frå 251 til 199 millionar år sidan. Han er den første perioden i mesozoikum, kjem etter perm og vart etterfølgd av jura. Både starten og slutten på trias er markert av store masseutryddingar. Utryddingshendinga som lukka trias har nyleg vorte meir nøyaktig utrekna, men som med dei fleste eldre geologiske periodar er berglaga som definerer starten og slutten på perioden veldefinerte, men tidspunkta har ein feilmargin på eit par millionar år.
Under trias byrja både livet i havet og på land å flytte økologiske nisjar i den særs tynne biosfæren som var etter perm-trias-utryddinga. Korallane hexacorallia dukka første gong opp og dei første blomsterplantene kan ha utvikla seg under trias. Det same gjorde dei første flygande virveldyra, flygeøglene.
Bergartar som er lagt ned i trias vert kalla triassystemet.
Trias vert vanlegvis delt inn i epokanetidleg, mellom og sein trias og dei tilsvarande berglaga vert kalla nedre, midtre og øvre trias. Aldrane i trias er frå yngst til eldst:
Under trias var det meste av landmassane på jorda samla i eit enkelt superkontinent som låg meir eller mindre midt over ekvator og som vart kalla Pangaea («alt landet»). Frå aust til vest strekte det seg ei stor bukt kalla Tethyshavet. Det vida seg ut i vest i mellomtrias medan Paleo-Tethys-havet krympa, eit hav som eksisterte i paleozoikum. Resten av kontinentet var omringa av det enorme verdshavet (superhavet) Panthalassa («all sjøen»). Alle djuphavssedimenta som vart lagt ned under trias har forsvunne på grunn av subduksjon så ein veit særs lite om hava i trias.
Riftdalar startar å danne seg på Pangaea under trias, særleg seint i perioden, men det byrja ikkje å dele seg opp enno. Dei første ikkje-marine sedimenta i rifta som markerer oppbrytinga av Pangea, som skilde New Jersey frå Marokko, er frå sein trias.[7] Sidan eit slikt enormt superkontinentet gjorde at jorda hadde relativt lite kystlinje er marine avleiringar frå trias globalt sjeldan, men likevel framtredande i Vest-Europa, der trias først vart studert. Triasisk stratigrafi er derfor hovudsakleg basert på organismar som levde i lagunar og hypersaline miljø, som krepsdyret estheria.
Klima
Klimaet i trias var generelt varmt og tørt og danna eit typisk raudt lag av sandstein og evaporittar. Det er ikkje funne spor etter isbredanning ved eller nær polområda, og faktisk var polområda tilsynelatande fuktige og tempererete, eit klima som høver for krypdyr-liknande skapningar. Sidan Pangea var så enormt hindra det klimaeffekten frå havet og kontinentalklimaet var særs årstidsvariert med særs varme somrar og kalde vintrar.[8] Pangea hadde truleg kraftige monsunar på tvers av ekvator.[8]
Liv
Det er tre kategoriar av organismar som kan skiljast frå kvarandre i trias. Overlevande etter perm-trias-utryddinga, nye grupper som blømde kortvarig og andre nye grupper som kom til å dominere mesozoikum.
I havet utvikla moderne korallar seg i tidleg trias og danna små flekkar med rev samanlikna med dei omfattande korallreva under devontida eller i dag. Dei skjeldekte blekksprutane, kalla ammonittar kom seg og vart mangfaldige igjen etter den ein linja som overlevde perm-utryddinga. Fiskefaunaen var usedvanleg uniform, noko som heng saman med at særs få familiar overlevde perm-utryddinga. Det var òg mange marine krypdyr. Av desse finn ein sauropterygia, som femner om pachypleurosaurar og nothosaurar (begge vanlege i mellomtrias, særleg i Tethyshavet), placodontar og dei første svaneøglene, dei første øgleliknande thalattosaurar (askeptosaurar); og dei svært suksessfulle fiskeøglene, som dukka opp i tidleg trias og som raskt vart mangfaldige og til slutt enormt store i sein trias.
AmfibietTemnospondyli var av dei gruppene som overlevde perm-trias-utryddinga og enkelte slektslinjer (som Trematosaurus) blømde ei kort tid i tidleg trias, medan andre (som Capitosaurus) var talrike gjennom heile perioden, eller kom til å vekse fram i sein trais (som plagiosaurar og metoposaurar). Andre amfibiar, som dei første Lissamphibia, er kjend frå tidleg trias, men gruppa som heilskap vart ikkje vanlege før i jura då temnospondylar hadde vorte særs sjeldne.
Archosaurar var i starten sjeldnare enn therapsidane som hadde dominert permtida., men dei byrja i mellomtrias å erstatte dei.[9] Denne «overtakinga» kan ha medverka til utviklinga av pattedyra ved å tvinge dei overlevande therapsidane og deira pattedyrliknande etterkomarar til å leve som små, hovudsakleg nattlege insektsetarar. Nattlivet tvinga truleg desse dyra til å utvikle pels og høgare stoffskiftesnøggleik.[10]
Trias enda med ei masseutrydding, som særleg råka hava hardt. Conodontar forsvann og alle sjøkrypdyr, bortsett frå fiskeøglene og svaneøglene. Virvellause dyr som armføtingar, sniglar og molluskar vart særleg hardt råka. I hava forsvann 22 % av dei marine familiane og truleg om lag halvparten av dei marine slektene.
Sjølv om denne utryddinga ikkje var like katastrofal i alle økosystem på land, forsvann fleire kladar av crurotarsi (store archosauriske krypdyr som tidlegare vart gruppert som thecodontia), og det same gjorde dei fleste store labyrinthodonte amifibiar, grupper av små krypdyr og nokre synapsidar (bortsett frå dei som utvikla seg til pattedyr). Nokre tidlege, primitive dinosaurar vart òg utrydda, men andre meir tilpassingsdyktige dinosaurar overlevde og utvikla seg i jura. Overlevande planter kom til å dominere mesozoikum, inkludert moderne bartre og Bennettitales.
Ein er ikkje sikker på kva som skapte utryddinga, men dei enorme vulkanutbrota for om lag 202 til 191 millionar år sidan[11] i det som vert kalla den sentrale atlantiske magmatiske provinsen (CAMP)[12] kan ha spelt ei stor rolle. Dette var eit av dei største vulkanutbrota på jorda etter at planten vart avkjølt og stabiliserte seg. Dette skjedde då superkontinentet Pangea starta å bryte opp i fleire delar. Andre mogelege, men mindre trulege, årsaker er mellom anna global nedkjøling eller eit meteornedslag, der nedslagskrateret rundt Manicouaganreservoaret i Quebec i Canada er ein mogeleg kandidat. Ved krateret har ein nyleg funne indikasjonar på at krateret har ein alder på 214±1 millionar år. Grensa mellom trias og jura har nyleg vorte målt til 201,58±0,28 millionar år sidan. Begge tidspunkta er så pass nøyaktige på grunn av meir nøyaktige radiometriske dateringar. Så funna tyder på at nedslaget skjedde før slutten av trias, om lag 10-12 millionar år før. Derfor er det lite truleg at dette nedslaget var årsaka til den observerte masseutryddinga.[13]
Desse utryddingane gjorde at dei overlevande dinosaurane kunne fylle ut nisjane som tidlegare hadde vore opptekne og dinosaurane vart langt meir dominerande, mangfaldige og talrike, noko dei skulle vere dei nesten 150 millionar åra. Den verklege «Dinosaur-tidsalderen» var jura- og krittida, og ikkje trias.
Cesare Emiliani. (1992). Planet Earth : Cosmology, Geology, & the Evolution of Life & the Environment. Cambridge University Press. (Paperback Edition ISBN 0-521-40949-7)
Ogg, Jim; June, 2004, Overview of Global Boundary Stratotype Sections og Points (GSSP's)[1]
Stanley, Steven M. Earth System History. New York: W.H. Freeman og Company, 1999. ISBN 0-7167-2882-6
van Andel, Tjeerd, (1985) 1994, New Views on an Old Planet : A History of Global Change, Cambridge University Press