Jürgen Klinsmann
Jürgen Klinsmann (fødd 30. juli 1964) er ein tysk tidlegare fotballspelar og seinare -trenar frå Göppingen. Klinsmann spelte på det vesttyske/tyske fotballandslaget frå 1987 til 1998, og vart verdsmeister i 1990 og europameister i 1996 med høvesvis Vest-Tyskland og Tyskland. To gongar vart han kåra til året fotballspelar i Tyskland, og i 1995 i England. Han var aktiv både i Vest-Tyskland/Tyskland, Italia, Frankrike, England og i USA. To gongar var han med på å vinne UEFA-cupen, med Inter i 1991 og Bayern München i 1996. I 2004 vart Klinsmann tilsett som landslagssjef i Tyskland, og leia laget til VM-bronse under fotball-VM 2006 på heimegrunn. Etter meisterskapen flytta han til USA der han dreiv eige firma. Frå juli 2008 til april 2009 var han sjefstrenar i Bayern München. Sommaren 2011 tok han over sjefsrolla for USA sitt landslag etter Bob Bradley. Merittar
Kjelder
|