* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga
Matthias Sammer (fødd 5. september1967) er ein tysk tidlegare fotballspelar og -trenar frå Dresden. Han var lagkaptein på det tyske landslaget som vann fotball-EM 1996, same året vart han også kåra til årets spelar i Europa. Sammer spelte på Borussia Dortmund då klubben sigra i Meisterligaen 1997. Midtbanedirigenten tok del i totalt 74 landskampar; 23 for Aust-Tyskland og 51 for Tyskland.
Karriere
Austtysk fotball
Frå 1985 til 1990 spelte Sammer på Dynamo Dresden, der han dei to siste sesongane i klubben var med å vinne den austtyske toppdivisjonen (Oberliga). Han avslutta tida med Dynamo med siger i den austtyske fotballcupen etter 2-1 over Schwerin den 2. juni 1990.
Sammer spelte 23 landskampar for Aust-Tyskland i tida frå november 1986 til september 1990. Han skåra begge måla då heimelaget Belgia fekk stryk med 0-2 den 12.9.1990, i det som var den siste landskampen til det austtyske fotballforbundet. I alt netta han sju gongar med Aust-Tyskland.
Alltysk og italiensk fotball
Sommaren 1990 vart Sammer overført til vesttyske VfB Stuttgart, ein klubb der han var med å vinne Bundesliga 1992. Deretter gjekk turen til eit ganske mislukka opphald i Inter frå Milano 1992/93-sesongen. Han returnerte så til Borussia Dortmund, der han fekk ei sentral rolle på midtbana og i laget. Både våren 1995 og året etter var han med han med då laget vann Bundesliga. Den største triumfen kom likevel i 1997, då han som kaptein på Borussia førte laget til triumf i meisterligafinalen 1997 med 3-1 over italienske Juventus. Ein langvarig kneskade førte til at han la opp i 1998.
Sammer debuterte på det samla Tyskland sitt landslag i desember 1990, ein vennskapskamp mot Sveits i Stuttgart. Han spelte på Tyskland i fire av dei fem kampane under fotball-EM 1992 i Sverige, og likeeins under VM i fotball 1994 i USA. Då fotball-EM 1996 fann stad i England, hadde Sammer ei meir framståande rolle i det tyske laget. Han spelte samtlege minuttar i turneringa og skåra to mål, mellom anna sigersmålet i kvartfinalen mot Kroatia. Med siger 2-1 over Tsjekkia i finalen tok Tyskland og Sammer pokalen med heim, iir ein meisterskap der Sammer vart kåra til turneringas beste spelar. Etter EM spelte Sammer ytterlegare fire landskampar, den siste i eit mållaust oppgjer mot Ukraina den 4. juni 1997. Landskampen i Kiev var hans 51. for Tyskland, han skåra sju gongar for det alltyske landslaget.
Merittar
Europameister: 1996 med Tyskland
EM-sølv: 1992 med Tyskland
Vinnar av Meisterligaen: 1997 med Borussia Dortmund
Austtysk seriemeister: 1989 og 1990 med Dynamo Dresden
Tysk seriemeister: 1992 med Vfb Stuttgart, 1995 og 1996 med Borussia Dortmund