Jansen debuterte for A-landslaget 3. september 2005 i ein bortekamp mot Slovakia. Han var med i Tyskland sin tropp til fotball-VM i 2006, der han fekk spela éin kamp, bronsefinalen mot Portugal. I fotball-EM i 2008 fekk han spela i fem av Tyskland sine seks kampar. I fotball-VM i 2010 spelte han i fire kampar: Tre som innbytar, og frå start av i bronsefinalen mot Uruguay. I bronsefinalen skåra han eitt av Tyskland sine mål.