Serdar Tasci, tyrkisk Serdar Taşçı (fødd 24. april 1987 i Esslingen i Baden-Württemberg) er ein tysk fotballspelar som har spela for Stuttgart i tysk Bundesliga og for det tyske landslaget. Tasci har tyrkiske foreldre.
Tasci vart seriemeister i Tyskland med Stuttgart den første sesongen han spelte for førstelaget deira, i 2006/07-sesongen, då han spelte 26 seriekampar. Han kunne ha spelt for landslaget til både Tyrkia og Tyskland, men valde Tyskland. 20. august 2008 debuterte han for A-landslaget i ein privatlandskamp heime mot Belgia. Han var med i Tyskland sin tropp til fotball-VM i 2010, der han fekk spela i éin kamp, då han kom inn som innbytar på overtid i bronsefinalen mot Uruguay.