* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 10. mai 2014 ‡ Landslagsmål oppdatert 6. juni 2014
Miroslav Klose, fødd som Mirosław Marian Klose (fødd 9. juni1978Opole) er ein polsk-tyskfotballspelar som har spela som spiss for Lazio i italienskSerie A, og for det tyske landslaget. Klose vart fødd i Polen. Mora var polsk landslagsspelar i handball og faren var profesjonell fotballspelar. Faren forlet Polen i 1978. Miroslav Klose og mora drog etter i 1985 og vart tyske statsborgarar, grunna faren sitt etnisk tyske opphav.
Klose vart toppskårar i Bundesliga og kåra til årets tyske spelar i 2006, medan han spelte for Werder Bremen. I 2007 gjekk han til Bayern München og var med på å vinna Bundesliga med dei i 2008 og 2010. I 2013 vart han cupmeister i Italia med Lazio.
Klose debuterte for det tyske A-landslaget 24. mars 2001 mot Albania, etter at han hadde avslått å spela for det polske landslaget. Han skåra fem mål for Tyskland både under fotball-VM i 2002 og i 2006, den einaste spelaren som har gjort dette i to etterfølgjande meisterskap. I 2006 vart han òg toppskårar i VM. Før VM i 2014 er han den spelaren som har skåra flest mål nokonsinne for Tyskland sitt landslag (69) og nummer to på toppskårarlista for fotball-VM til saman med 14 mål, fordelt over tre ulike VM.