It Ain't Me Babe
«It Ain't Me Babe» er ein song av Bob Dylan, gjeven ut på albumet hans Another Side of Bob Dylan i 1964. Opningslinja («Go away from my window...») er visstnok inspirert av musikologen/visesongaren John Jacob Niles-songen «Go 'Way From My Window». Dylan har omtalt Niles som ei av inspirasjonskjeldene sine. Då Bob Dylan spelte dei første elektriske konsertane sine i Forest Hills Tennis Stadium, Carnegie Hall, The Hollywood Bowl og Monterey i 1965 spelte han «It Ain't Me, Babe» med eit elektrisk arrangement. Andre utgåver
Dylan og Johnny Cash var store beundrarar av kvarandre og Cash spelte inn denne songen i lag med kona June Carter. Songen vart gjeven ut på albumet Orange Blossom Special i 1965 og vart ein hit. Same året hadde The Turtles ein hit med songen i 1965. Han nådde åttandeplassen i USA og kom ut på album deira med same namn. «It Ain't Me Babe» var ein av mange Dylan-songar spelt inn av Joan Baez. Nancy Sinatra spelte songen på albumet hennar Boots i 1966. Fleire utgåver
Norske versjonarDet er skrive to norske tekstar til songen. Den første vart skriven av Jan Erik Vold og fekk tittelen «Det ække meg, kjei» og framført av Kåre Virud i 1977. Den andre vart skriven av Håvard Rem som «Det e itj mæ, nei» og framført av Åge Aleksandersen i 1997.[1] Kjelder
Bakgrunnsstoff |