Albumet vart produsert av Glyn Johns og har Mick Taylor (tidlegare Rolling Stones) på sologitar, Ian McLagan (tidlegare frå Faces) på keyboard, og ein gjesteopptreden av Carlos Santana. Real Live vart spelt inn på turneen etter albumet Infidels og medan Infidels fekk god kritikk, fekk Real Live meir blanda mottaking.
Albumet kom ut i desember for å utnytte julehandelen, men selde likevel skuffande. Det nådde berre 115. plass i USA og 54. plass i Storbritannia. I Noreg nådde albumet 13. plass.