Modern Times er det 32. studioalbumet til Bob Dylan, gjeve ut av Columbia Records 29. august 2006. Albumet var det tredje på rad (etter Time Out of Mind og Love and Theft) som vart særs godt motteke av kritikarane. Som dei førre albuma gjekk dette i retning blues, rockabilly og før-rock-balladar, og vart produsert av Dylan sjølv under pseudonymet «Jack Frost». Sjølv om albumet vart hylla vart det debatt omkring refrenga og arrangementa han hadde nytta frå eldre songar, utan å nemne det nokon stad. I tillegg hadde han lånt fleire tekstlinjer frå diktaren Henry Timrod frå 1800-talet.
Modern Times vart det første albumet av Dylan som gjekk til topps på salslista i USA sidan Desire frå 1976. Det var òg det første av alle albuma hans som debuterte på førsteplassen på Billboard-lista og selde 191 933 eksemplar den første veka. Med ein alder på 65 år vart Dylan då den eldste personen som hadde gått rett inn på førsteplassen på Billboard-lista.[1] Det nådde òg førsteplassen i Canada, Australia, New Zealand, Irland, Danmark, Noreg (totalt 29 veker på lista) og Sveits, og debuterte på andreplass i Tyskland, Austerrike og Sverige. Det nådde tredjeplassen i Storbritannia og hadde seld over fire millionar eksemplar dei første to månadane etter det kom ut.[2] Som med dei to førre albuma inneheld plateomslaget minimalt med info om kven som spelte på det og heller ingen tekstar. I 2012 rangerte magasinet Rolling Stone albumet på 204. plassen på lista si over dei 500 beste albuma gjennom tidene.
Band og produksjon
Albumet vart spelt inn med turnébandet til Dylan, inkludert bassisten Tony Garnier, trommeslagaren George G. Receli, gitaristane Stu Kimball og Denny Freeman, i tillegg til multi-instrumentalisten Donnie Herron. Dylan produserte albumet under pseudonymet «Jack Frost».
Sjølv om det har blitt marknadsført som den tredje i ein konseptmessig trilogi, som byrja i 1997 med Time Out of Mind, har Dylan sjølv avvist dette. I eit intervju med Rolling Stone sa han at han «ville rekne Love and Theft meir som byrjinga på ein trilogi, om det skal bli ein trilogi.»[3]
Føreventnad
Som legenda Dylan er og etter dei to særs kritikarroste albuma Time Out of Mind og Love and Theft, var Modern Times særs føreventa då det kom ut. Som med Love and Theft i 2001 let Sony kritikarane få lytte gjennom albumet på førehand, men dei som vart inviterte fekk ikkje løyve til å avsløre nokre detaljar om albumet før det offisielt kom ut.
Modern Times vart lekkja på nettet gjennom forskjellige BitTorrent og nettsider den 21. august 2006, etter at 30 sekundar lange lydklipp vart offisielt sleppte på den offisielle nettsida til Sony. Albumet kom først ut i somme europeiske land (inkludert Tyskland og Irland) den 25. august, i Storbritannia den 28. august og hadde premiere i USA den 28. august på XM Satellite Radio, radiokanalen der Dylan hadde programmet sitt, Theme Time Radio Hour.
Låtskrivarkontrovers
Kort tid etter albumet kom ut skapte albumet debatt fordi plateomslaget hevda at «alle songane var skrivne av Bob Dylan». Mange av songane på albumet har nemleg røter i kjende, eldre songar. Dylan hadde skrive ny tekst til desse songane.
«Rollin' and Tumblin'» er ein bluesstandard først spelt inn og kanskje skriven av bluesartisten Hambone Willie Newbern. Eit arrangement som minnar om Dylan sin, men med ein annan tekst, vart ein hit for Muddy Waters, som òg er oppført som låtskrivar på songen. Utanom førsteverset er all teksten i Dylan sin versjon original.
«Someday Baby» er basert på ein gammal standard som kan sporast attende til «Worried Life Blues», spelt inn av Sleepy John Estes og gjort kjend i versjonar av Lightnin' Hopkins og Muddy Waters. Han vert stundom kalla «Trouble No More», og har ofte Muddy Waters oppført som låtskrivar.
Refrenget på «Workingman's Blues» inneheld linja «Meet me at the bottom, don't lag behind, bring me my boots and shoes.» Den uvanlege fraseringa verkar å ha blitt lånt frå cool jazz-songaren June Christy sin song frå 1946, «June's Blues», som har teksten «Meet me in the bottom, bring me my boots and shoes». Dylan har vist at han likar musikken til Christy og har spelt fleire av songane hennar på radioprogrammet sitt.[6] Linja finst òg som «Meet me in the bottom, bring me my running shoes», i Willie Dixon-songen «Down in the Bottom» (som igjen er ein versjon av «Rollin' and Tumblin' »), spelt inn av Howlin' Wolf. Ein liknande variant finst i Big Joe Williams-songen «Meet Me Around the Corner» («Meet me around the corner, bring me my boots and shoes»).
«Beyond the Horizon» er basert på songen «Red Sails in the Sunset», skriven av Jimmy Kennedy og Hugh Williams i 1935 med same melodi og grunnstruktur.
«Nettie Moore» har tittelen og noko av refrenget frå «Gentle Nettie Moore» av Marshall Pike og James Lord Pierpont, komponisten av «Jingle Bells», men melodien og teksten til Dylan er elles ikkje mogeleg å kjenne att, sjølv om songen deler eit rim med «Moonshiner», ein tradisjonell folkesong som Dylan spelte inn i 1963: «They say whiskey will kill ya, but I don't think it will» samanlikna med «If whiskey don't kill me, I don't know what will.»
«Ain't Talkin'» har refrenget sitt frå den meir livleg «Highway of Regret» av The Stanley Brothers. Teksten i første verset verkar å vere henta frå «As I Roved Out», ein tradisjonell irsk song.
Responsen til Modern Times frå musikkritikarane var særs positiv. På Metacritic som samlar mange meldingar, har Modern Times fått 89 av 100 poeng som gjer at albumet er blant dei 100 mest hylla albuma på sida.[18]Rolling Stone gav albumet fem av fem stjerner og kritikaren Joe Levy kalla det «det tredje meisterverket på rad»,[16] medan Uncut kalla det «ein direkte og dristig oppfølgjar» til Love and Theft.[17]Robert Christgau frå Blender skildra det som «oppsiktsvekkande [og utstrålande] har han den observante roa til dei gamle meistrane som har sett nok av livet til å vere klar for kva som helst — Yeats, Matisse, Sonny Rollins».[19]Jody Rosen i nettmagasinet Slate var samd og kalla Modern Times «eit betre album enn Time Out of Mind og sjølv den majestetiske Love and Theft, som i mitt syn gjer dette til det beste Dylan-albumet sidan Blood on the Tracks».[20]
Alexis Petridis frå The Guardian likte Modern Times, men meinte at det ikkje var «eit av desse sjeldne, utvilsamt fantastiske Dylan-albuma» og gjorde narr av den overdådige rosen albumet fekk og skriv: «Det er vanskeleg å høyre musikken på Modern Times over den den uungåelege ståande ovasjonen og jubel frå mellomaldrande kritikarar som dånar av ærefrykt.»[11]Jim DeRogatis frå Chicago Sun-Times likte tekstane, men meinte musikken var slapp, og skreiv at «med unntak av sistesporet 'Ain't Talkin', ein av dei skumlaste songane han har skrive, skuffar Dylan med sin uforklarlege kjærleik for svermande balladar frå 1930- og 1940-åra».[21] Somme kritikarar som likte albumet var kritiske til musikaliteten, som Greg Kot i Chicago Tribune,[22] og Jon Pareles i The New York Times, som skreiv at «på scenen overladar ofte turnébandet til Mr. Dylan songane hans. Men på Modern Times spelar musikarane som om dei berre føler seg på veg inn i melodiane.»[23]
Den kanskje suraste meldinga kom frå Ron Rosenbaum. I New York Observer skreiv han at Modern Times «eit særs overvurdert vonbrot... Det nye albumet er kanskje det verste sidan Self Portrait, med songar som sjeldan stig over det lågaste nivået til Dylan- og alle verkar redde for å sei det.»[24]
Modern Times vart det tredje Dylan-albumet på rad som toppa kritikarlista i The Village Voice, Pazz & Jop, etter Time Out of Mind og Love and Theft.[25] Albumet toppa òg Rolling Stone si liste over dei 50 beste albuma i 2006,[26] og vart sidan rangert på åttandeplassen på magasinet si liste over dei 100 beste albuma i 2000-åra.[27] Under Grammyprisutdelinga i 2007 vann Dylan prisen for beste moderne folk/americana-album for Modern Times og beste solo rockesong for «Someday Baby».[28]
Plateomslag og versjonar
På grunn av lengda på songane vart heile albumet gjeve ut på to LP-ar.
Biletet på omslaget er Ted Croner sitt fotografi frå 1947, Taxi, New York at Night. Biletet vart tidlegare nytta som plateomslag av bandet Luna for singelen «Hedgehog/23 Minutes in Brussels» i 1995.[29][30]
Albumet kom ut i både standard og avgrensa utgåver, og ei spesialutgåve kom med ein bonus-DVD med fire musikkvideoar av Dylan. DVD-en inneheld «Blood in My Eyes» (promovideo), «Love Sick» (konsertopptak frå Grammyprisutdelinga i 1998), «Things Have Changed» (promovideo) og «Cold Irons Bound» (video frå Masked and Anonymous).