Wheels of Fire er namnet på eit dobbeltalbum innspelt av Cream . Utgjevinga vart ein stor suksess og nådde 3. plass i Storbritannia og gjekk heilt til topps i USA, og vart det første dobbeltalbumet i verda som selde til platinaplate .[ 8]
Albumet vart òg gjeven ut som Wheels of Fire (In the Studio) og Wheels of Fire (Live at the Fillmore) som to single album, gjevne ut i lag, med liknande plateomslag. I 2003 vart albumet rangert på 203. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene.[ 9]
Bakgrunn
Etter at Disraeli Gears kom ut i november 1967, planla Polydor Records og Atco Records , at det tredjealbumet til Cream skulle verte eit dobbeltalbum , der Atco Records-produsenten Felix Pappalardi og gruppa ønskte å ha med fleire konsertopptak.[ 10]
Innspeling
Bandet og Pappalardi hadde i juli og august 1967, spelt inn songar i studio i IBC Studios i London , og i Atlantic Studios i New York City i september og oktober same året.[ 1] Fleire songar vart spelte inn i studio i Atlantic Studios i januar og februar 1968, under ein pause i turneen deira.[ 10] [ 1] Månaden etter,[ 1] tinga Pappalardi eit mobilt platestudio i Los Angeles til the Fillmore og Winterland Ballroom i San Francisco .[ 10] Ein tok opp seks konsertar i San Francisco, og songar som ikkje kom med på Wheels of Fire kom seinare ut på Goodbye , Live Cream og Live Cream Volume II .[ 10]
Innspelingane av Wheels of Fire var ein av dei første gongane ein nytta åttespors bandopptakarar på ei tid då firesporsopptakarar var standard.[ 10] Lydteknikarar på plate ein var Tom Dowd og Adrian Barber , medan konsertopptaka vart fanga til band av Bill Halverson.
Songar
Trommeslagaren Ginger Baker var med på å skrive tre av songane for albumet med pianist Mike Taylor . Bassist Jack Bruce skreiv fire songar med diktaren Pete Brown . Gitarist Eric Clapton medverka til albumet med å velje ut coversongane.
Innhald
Disk 1: In the Studio
Side to Tittel Låtskrivar(ar) 5. «Pressed Rat and Warthog» Baker, Taylor 3:13 6. «Politician» Bruce, Brown 4:12 7. «Those Were the Days» Baker, Taylor 2:53 8. «Born Under a Bad Sign » Booker T. Jones , William Bell 3:09 9. «Deserted Cities of the Heart» Bruce, Brown 3:38
Disk to: Live at the Fillmore
Side fire Tittel Låtskrivar(ar) 3. «Traintime» (8. mars 1968 i Winterland i San Francisco) Bruce 7:01 4. «Toad» (7. mars 1968 i The Fillmore i San Francisco) Baker 16:15
Medverkande
Jack Bruce – vokal , solovokal , bass , cello , munnspel , calliope , akustisk gitar , blokkfløyte
Eric Clapton – gitar , vokal
Ginger Baker – Trommer , perkusjon , bjøller , klokkespel , pauke , vokal på «As You Said», stemme på «Pressed Rat and Warthog»
Felix Pappalardi – bratsj , bjøller, orgel , trompet , tonette
Salslister og salstrofé
Kjelder
↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 Wheels of Fire (Billboard 6f. juli 1968). Cream . United States: Nielsen Business Media, Inc. 1968.
↑ «Wheels of Fire» . AllMusic . Henta 16. juni 2018 .
↑ «History of Cream» . about.com. Henta 16. juni 2018 .
↑
Larkin, Colin (2013). «Cream: Albums». The Virgin Encyclopedia of Popular Music . Random House . eBook. ISBN 978-1448132744 .
↑ «500 Greatest Albums of All Time» . Rolling Stone . Arkivert frå originalen 16. juni 2018. Henta 16. juni 2018 .
↑ «It's A Roller-coaster Career From Blues To Pop And Back» .
↑ «Wheels of Fire - Product Reviews - Musikar» . cduniverse.com. Henta 27. mai 2018 .
↑ «Cream - the Band» . BBC . 20 September 2000.
↑ Wheels of Fire Arkivert 2010-04-10 ved Wayback Machine ., Rolling Stone.
↑ 10,0 10,1 10,2 10,3 10,4 Schumacher, Michael (1995). «Chapter 4: Power Trio (1966-68)». Crossroads: The Life and Music of Eric Clapton (1st utg.). New York City , New York : Hyperion . s. 96–100, 102. ISBN 078686074X .
↑ Kent, David . Australian Chart Book 1940–1969 . ISBN 0-646-44439-5 .
↑ «RPM – Item Display: Top Albums/CDs – Volume 10, No. 7, October 14, 1968» (.Php) . Library and Archives Canada . 31. mars 2004. Henta 16. juni 2018 .
↑ "Top Stranih [Top Foreign]" (På kroatisk). Top Foreign Albums. Hrvatska Diskografska Udruga. Henta 16. juni 2018.
↑ «Tous les Albums classés par Artiste > «Cream» > "Ok» . InfoDisc.fr . Arkivert frå originalen 11. juli 2015. Henta 16. juni 2018 .
↑ "Longplay-Chartverfolgung at Musicline" . Musicline.de. Media Control . Henta 16. juni 2018.
↑ "Cream – Wheels of Fire" . Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 16. juni 2018.
↑ «Top 40 Official UK Albums Archive: 14th September 1968» . Official Charts Company . Arkivert frå originalen 15. juni 2011. Henta 16. juni 2018 .
↑ «Top LP's». Billboard Magazine : 57. 10. august 1968.
↑ «Wheels of Fire – Cream – Awards» . AllMusic. Henta 16. juni 2018 .
↑ «Australian Fun Countdowns: Accreditation Awards» . Warner Music Sales International . BMI Music International. Henta 16. juni 2018 .
↑ «Made A Rock Culture» . Billboard Magazine . Nielsen Business Media, Inc. 16. november 1968. Henta 16. juni 2018 .
↑ «Facebook Pictues for Cream – Band» . Facebook . Henta 16. juni 2018 . «It was the first platinum selling double album, and worthy of its inclusion in uDiscover's list of their favourite double albums.»
Bakgrunnsstoff
Studioalbum Konsertalbum Samlealbum Singlar Film Samarbeidspartnarar Tilknytte artiklar