Carolyn Dennis (fødd 12. april1954), stundom kalla Carol Dennis eller Carol Dennis-Dylan, er ein USA-amerikansk songar og skodespelar, mest kjend for arbeidet sitt med og ekteskapet med Bob Dylan.
Dennis og Dylan fekk eit barn, Desiree Gabrielle Dennis-Dylan, fødd 31. januar 1986. Dei gifta seg i juni 1986 og skilde seg i oktober 1992.[3][4] Heile ekteskapet og barnet deira var fullstendig ukjend for både fansen til Dylan og media fram til boka Down the Highway: The Life of Bob Dylan av Howard Sounes.