Håvard Rem (fødd 7. februar 1959 i Oslo) er ein norsk forfattar og lyrikar, busett i Oslo. Han er far til musikaren Simen Rem, universitetslektoren Dina Munthe-Kaas Rem og forfattaren Oliver Lovrenski.
Han debuterte allereie som 18-åring med Kall på heltene i 1977, og har så langt gjeve ut elleve diktsamlingar. Han har skrive ei rekkje biografiar, mellom anna om Bjarte Baasland, Erik Mykland, Aril Edvardsen, Tor Erling Staff og Hank von Helvete. Han har gjendikta Bob Dylan og Leonard Cohen, og har skrive eigne songtekstar for bruk av artistar og band som a-ha, Morten Harket, Kaizers Orchestra, Vamp, Jørn Hoel, Silje Nergaard og Ørkenkjøtt.
Saman med eldstesonen Simen utgjer han duoen REM & REM.