Kommunevåpenet til Hitra blei vedtatt av kommunestyret i 1986 og 7. august året etter av Kongen i statsråd. Den heraldiske skildringa av våpenet er: I blått et sølv hjortehode.
Motivet kom gjennom ei open idetevling. Det er teikna av Einar Skjervold etter en ide av Ketil Gylland.
Kommuneblome
Flekkmarihand er ein vanleg blome på Hitra, og kommunestyret vedtok at han skulle vera kommuneblome i 1999. I 2021 blei blomen bekrefta som kommuneblome etter at kommunen blei utvida.[1]
Historie
Hitra formannskapsdistrikt omfatta ved opprettinga i 1837 også Frøya. Frøya blei utskild som eigen kommune med 3 949 innbyggjarar den 1. januar 1877, medan Hitra hadde 4 482 innbyggjarar.
Fillan med 2 241 innbyggjarar blei skild ut frå Hitra den 1. januar 1886. Sandstad blei seinare skild ut frå Fillan som eigen kommune 1. juli 1914 med 947 innbyggjarar. Kvenvær med 1 157 innbyggjarar blei skild ut frå Hitra kommune 1. januar 1913. Den gjenverande Hitra kommune hadde etter frådelinga 1 439 innbyggjarar.
Kommunesamanslåinga 1. januar 1964 slo saman dei tidlegare kommunane Hitra, Fillan, Sandstad og Kvenvær til den nye kommunen Hitra. Den nye storkommunen fekk eit innbyggjartal på 4 611. Den tidlegare kommunen Hitra hadde ved kommunesamanslåinga 984 innbyggjarar. Tettstaden Fillan blei vald som nytt kommunesenter der det blei bygd kommuneadministrasjon, barne-, ungdoms- og sentralskole og symjehall.
1. januar 2020 blei Sunde-området nord i Snillfjord kommune del av Hitra. Kommunen fekk dermed litt av arealet på fastlandet.[2]