Han er eit kjerneområde for sørsamisk, og 3-4 % av innbyggjarane står i Samemanntalet. Snåsa vedtok i september2004 å ha både norsk og sørsamisk som administrasjonsspråk, og 1. januar 2008 vart kommunen, som den første i sørsamisk område, innlemma i Samisk språkforvaltingsområde, og dermed offisielt tospråkleg.[1]
Natur
Sentrum ligg ved den nordaustre enden av Snåsavatnet, som er den sjette største innsjøen i Noreg. Det er eit av over 2 500 fiskevatn som finst i kommunen. Nesten halvparten av kommunen er lagt ut som nasjonalpark. Snåsa er den nordlegaste staden i Noreg for fleire planteartar, som svart-or, fruesko og myrkongle.