Kommunen er sett saman av hovudøya Frøya og Froan i nordaust, eit øyrike av til saman rundt 5.400 holmar og skjer, som grensar til Frohavet i aust, Frøyfjorden i sør og Norskehavet i nordvest.
Størstedelen av innbyggjarane bur langs austkysten av Frøya. Elles bur folk helst ved sjøen, til dømes i fleire fiskevær.
Landskapet på Frøya er skoglaust og kupert, med myr, vatn og fjell.