Fillan og (den seinare frådelte Sandstad kommune) vart skild ut frå Hitra som eigen kommune 1. januar 1886. 1. januar 1913 vart så Kvenvær kommune skild ut frå den då resterande Hitra kommune. Etter delinga hadde dåverande Hitra kommune 1 439 innbyggjarar.
1. januar 1964 vart dei fire kommunane Hitra, Fillan, Kvenvær og Sandstad slegne saman til nye Hitra kommune, som deretter utgjorde heile øya Hitra. Den tidlegare kommunen Hitra hadde ved kommunesamanslåinga 984 innbyggjarar.