For Your Pleasure er det andre studioalbumet til det engelske rockebandet Roxy Music, gjeve ut i 1973 på Island Records. Det var det siste albumet deira med synthesizermusikaren og spesialisten Brian Eno, som sidan vart kjend som soloartist og produsent.
Produksjon
Gruppa var lengre i studio med dette albumet enn debutplata deira, og kombinerte sterke songar av Bryan Ferry med meir utførlege produksjonsteknikkar. Til dømes tonar songen «In Every Dream Home a Heartache» (Ferry sin skumle ode til ei oppblåsbar dukke) ut i avslutninga, før han tonar inn med alle instrumenta køyrd gjennom phasing-effekt. Tittelsporet tonar ut i ei utførleg blanding av bandsløyfeeffektar. Eno kommenterte at den skumle «Bogus Man» hadde likskapar til samtidige songar av krautrock-gruppa Can.[2]
Av dei meir livlege songane på albumet finn ein «Do the Strand» og «Editions of You» som begge var baserte på iherdige rytmar, liknande den første singelen til bandet, «Virginia Plain». «Do the Strand» har vorte kalla den arketypiske Roxy Music-songen, medan «Editions of You» var kjend for ei rekkje fengande soloar av Andy Mackay (saksofon), Eno (VCS3) og Phil Manzanera (gitar).
Brian Eno er godt merkbar i den siste songen på albumet, «For Your Pleasure», og gjer han ulik nokon annan song på albumet. Songen endar med stemma til Judi Dench som seier «You don't ask. You don't ask why», mellom klipp frå opningsvokalen ('Well, how are you?') frå «Chance Meeting» frå det første Roxy Music-albumet. Eit konsertopptak av songen vart nytta i 1975 som B-side til «Both Ends Burning».
På det originale britiske plateomslaget står det «Produsert av Chris Thomas og Roxy Music» for heile albumet, men på etiketten står dette berre på side ein, medan det på side to står «Produsert av John Anthony og Roxy Music». Forskjellige seinare utgåver av albumet har hatt forvirrande variantar av denne informasjonen.
Som med debutalbumet til Roxy Music vart det ikkje gjeven ut singlar frå For Your Pleasure då det kom ut. «Pyjamarama» med «The Pride and the Pain» på baksida, som ikkje var med på albumet, vart gjeven ut i Storbritannia før albuemt kom ut og nådde tiandeplassen på den britiske singellista. «Do the Strand» med «Editions of You» som B-side vart gjeven ut i USA og Europa og omsider i Storbritannia i 1978 for å marknadsføre Roxy Music sitt Greatest Hits, som kom ut i desember året før.
Biletet på plateomslaget vart teken av Karl Stoecker og syner kjærasten til Bryan Ferry på den tida, songaren og modellen Amanda Lear, som seinare vart ein muse for Salvador Dalí.[3] Dei originale trykka av albumet hadde eit dobbeltfalsa omslag med bilete av alle dei fem bandmedlemmane som poserer med gitarar.
For Your Pleasure nådde fjerdeplassen på albumlista i Storbritannia i 1973 og 15. plassen i Noreg. Paul Gambaccini i Rolling Stone gav albumet ei lunken melding då det kom ut og skreiv at «det meste av For Your Pleasure er anten over oss, under oss, eller på ein heilt annan planet.»[13]
I 2000 plasserte Q albumet på 33. plassen på lista si over dei 100 beste britiske albuma gjennom tidene.[14] Det vart plassert på 87. plass på lista til Pitchfork Media over dei 100 beste albuma frå 1970-åra.[15]Morrissey sa ein gong til britisk presse at han «berre kunne kome på eitt verkeleg bra britisk album: For Your Pleasure.»
I 2003 plasserte Rolling Stone det på 394. plassen på lista si over dei 500 beste albuma gjennom tidene,[16] og på den oppdaterte lista frå 2012 var det gått ned to plassar til 396. plassen. På den nye lista frå 2020 vart det flytta opp til 351. plassen.[17][18]NME rangerte For Your Pleasure på 88. plassen på si liste frå 2013 over dei 500 beste albuma gjennom tidene og kalla det «toppen av engelsk kunstrock.»[19]Classic Rock tok det med blant det dei rekna som ti «essensielle» glamrock-album.[20]Happy Mag tok med albumet på lista si over ti plater som introduserer deg for kunstrock-verda og kalla det «eit kunstpop, glamrock-meisterverk.»[21]