John Gustafson, kjend som Gus Gustafson og Johnny Gustafson (fødd John Frederick Gustafson, 8. august1942 i Liverpool) er ein engelsk bassist og vert sagt å vere den viktigaste bassisten frå Liverpool etter Paul McCartney. Han har spelt med 60-talsbanda The Big Three og The Merseybeats og var kjend for å synge i den originale innspelinga av Jesus Christ Superstar som apostelen Simon. Han har delteke på Roger Glover-songen «Watch Out For The Bat Now» som vokalist. Han er truleg mest kjend for å ha spelt bass i fleire inkarnasjonar av Ian Gillan Band og progrockbandetQuatermass. Han var òg med i ei ny utgåve av The Pirates, som var det opphavlege backingbandet til Johnny Kidd.[1] Gustafson spelte òg på fire av dei tidlege albuma til Roxy Music, inkludert den einaste amerikanske hitsingelen deira, «Love Is The Drug».
Gillan/Fenwick/Gustafson/Moran/Nauseef Child in time Oyster(1976)
Gillan/Fenwick/Gustafson/Towns/Nauseef Clear air turbulence (1977) Island re-mastered Eagle 1998 Scarabus (1977) Island re-mastered Eagle (1998) Live at Budokan Vol 1&2 Virgin (1978) (2LP set) The Rockfield mixes Angel Air (1997) Live at the Rainbow Angel Air (1978)
Green/Gustafson/Farley Lights out/I'm into something good EP(1986)
Green/Gustafson/Britton Still shakin Magnum/Thunderbolt (1988)
Green/Gustafson/Samson Live in Japan Thunderbolt (2001) Re-issue [2CD set]