Flesh and Blood (skriven Flesh + Blood) er det sjuande studioalbumet til Roxy Music, gjeven ut i juni 1980. Albumet nådde toppen av den britiske albumlista ei veke i juni og så igjen i august for tre nye veker. Totalt låg det 60 veker på den britiske albumlista. Det nådde 35. plassen i USA, tiandeplassen i Australia og sjetteplassen i Noreg.
Før albumet kom ut, kom singelen «Over You», som nådde femteplassen i Storbritannia og 80. plassen i USA. To singlar til følgde: «Oh Yeah» (femteplassen i Storbritannia) og «Same Old Scene» (12. plassen i Storbritannia, 35. plassen i Australia). Flesh + Blood inneheldt òg to coverversjonar: The Byrds sin «Eight Miles High» og Wilson Pickett sin «In the Midnight Hour». Sistnemnde vart gjeven ut på singel i enkelte område. «Eight Miles High» nådde 46. plassen på Billboard dance-lista i USA.[6]
Plateomslaget vart laga av Peter Saville og fotografert av Neil Kirk. Det syner tre unge kvinner som held spyd (to er på framsida, den siste på baksida). Saville arbeidde utan input frå Ferry eller resten av bandet, men fortsette tradisjonen frå tidlegare Roxy Music-album med å avbilde kvinner på framsida. Modellane på framsida er Aimee Stephenson (fremst) og Shelley Mann. Modellen på baksida er Roslyn Bolton (med modellnamnet Ashley).
Mottaking
Flesh and Blood fekk blanda kritikk då det kom ut. Ken Tucker avskreiv albumet heilt i Rolling Stone: «Flesh + Blood er ei så sjokkerande dårleg Roxy Music-plate at det skapar ein viss fascinasjon. Linja hos det tidlege Roxy (då Eno var medlem) var at bandet utstrålte høgteknologisk dekadanse, og Flesh + Blood har eit band til denne historiske tolkinga ved å stadfeste den dekadente sida. Til dømes, kva kan vere sprøare akkurat no enn eit kunst-rock-disco-album?»[7]David Hepworth skreiv i Smash Hits og sa «Opphavlege fans av bandet kan synast at det har lite karakter og få overraskingar medan dei som elskar den mektige 'Over You' bør like den modne, silkeaktige sjarmen.»[5]Greil Marcus likte albumet: «Denne plata, all grasiøs begjær og trist anger, er rein romantikk. Det er òg den beste sommarmusikken nokon har laga sidan oljesøl byrja å undergrave konseptet ... Flesh + Blood flyt; det driv; det forsvinn; det svevar attende. Det fangar dei endelause, enkle løfta til sumaren, og det fangar sumaren du aldri har komen over; det fungerer som roande, tankelaus bakgrunnsmusikk, og det kan knuse hjartet ditt. Som ein perfekt julidag stiller det ingen krav til ein lyttar, men det kan gje ein lyttar alt.»[8]
New Rolling Stone Record Guide gav albumet tre stjerner og sa «Manifesto og Flesh + Blood, som kom ut etter bandet hadde vore oppløyst mellom 1976 og 1978, var gode kvar for seg, men dei mangla gnisten som gjorde dei tidlegare albuma så store.»[9]Stephen Thomas Erlewine skreiv «sjølv i ei handfull unekteleg sterke augneblikk, kan ein ikkje få bort kjensla av at Roxy Music byrja å gå tom for idear.»[10]Pitchfork gav albumet 6.6 (det lågaste av alle Roxy Music-studioalbum) og skreiv «Men det seinare materialet deira er ikkje alltid verdt det . Det er augneblink på særleg Flesh + Blood frå 1980 der bandet bandet slutta å høyrast ut som dei var trøytte og byrja å høyrast ut som dei keia seg, ein fatal skilnad.»[4]
Turné
Litt over halvparten av albumet er blitt spelt på konsertane til bandet, hovudsakleg på turneen som følgde albumet, «Roxy Music Flesh + Blood» i 1980-81. Nokre konsertar under turneen måtte avlyast då Ferry fekk ein nyre-infeksjon. Bandet framførte «Jealous Guy» etter at John Lennon vart myrda. Bandet spelte seinare inn denne hylleste og gav han ut på singel.[11]
Innhald
Alle songar skrivne av Bryan Ferry, utanom der andre er nemnde.