«Street Life» er opningssongen på det tredje albumet til Roxy Music, Stranded frå 1973. Dette var det første albumet deira med Eddie Jobson, som erstatta Brian Eno. Songen vart gjeven ut som singel i Storbritannia i november 1973 og nådde niandeplass på lista der. B-sida var «Hula Kula», som ikkje finst på albumet. Det er ein hawaiiaktig instrumental av Phil Manzanera, som vart gjeven ut i boksen The Thrill of It All.
Andre utgåver
Bassisten John Taylor, organiserte etter han forlet Duran Duran i 1997 eit hyllestalbum til Roxy Music kalla Dream Home Heartaches: Remaking/Remodeling Roxy Music (1999). «Street Life» vart spelt av Gerry Laffy og Simon Laffy, som Phantom 5.[1]