Ambient 3: Day of Radiance er eit musikkalbum frå 1980 av den amerikanske ambient-musikaren Laraaji (alias Edward Larry Gordon) som vart produsert av Brian Eno.
Samanlikna med resten av serien, er det lite elektroniske instrument og effektar på Day of Radiance. Laraaji nyttar fleire akustiske strengeinstrument, som dulcimer og 36-strenga sitar i open stemming.