Another Green World er det tredje studioalbumet til den britiske musikaren Brian Eno. Det var produsert av Eno og Rhett Davies og opphavleg gjeven ut på Island Records i september 1975. Som han hadde gjort på dei førre soloalbuma, arbeidde Eno med fleire gjestemusikarar, mellom andre Phil Collins, John Cale og Robert Fripp. Albumet markerte ei ny musikalsk retning for Eno og ved å nytte instruksjonkorta Oblique Strategies for rettleiing, inneheld albumet færre tekstbaserte rockesongar og la større vekt på instrumentale stykke, mange utan hjelp av gjestemusikarar. Den mørke humoren i tekstane er òg endra til meir draumeaktige og forvirra songar.
Albumet nådde ikkje listene verken i USA eller Storbritannia, men vart godt tekne imot av kritikarane.
Produksjon
Another Green World vart spelt inn i Island Studios i London i løpet av juli og august 1975.[10] Brian Eno rekna opphavleg det nye albumet som eit eksperiment og gjekk inn i studio utan å ha skrive noko på førehand.[10]
Eno har med seg fleire gjestemusikarar, men i motsetnad til dei to førre albuma, arbeidde han meir aleine på fleire av songane og på sju av songane spelte han alle instrumenta sjølve, inkludert gitar og perkusjon.[11] Av gjestemusikarane finn ein Phil Collins, som spelte trommer på Tiger Mountain, og Brand X-medlem Percy Jones.[12]Robert Fripp, som arbeidde med Eno på (No Pussyfooting) og Here Come the Warm Jets, spelte soloen på «St. Elmo's Fire». Eno bad Fripp om å improvisere ein lynrask gitarsolo som skulle etterlikne den elektriske ladinga mellom to polar på ein Wimshurst-maskin.[13]
Mottaking
Another Green World vart gjeven ut i september 1975 og gjekk inn på salslistene i verken USA eller Storbritannia.[14][1] Albumet fekk hovudsakleg positiv kritikk. Den negative meldingane fokuserte på mangelen på rockesongar samanlikna med dei to førre albuma.
Pitchfork plasserte albumet på 10. plass på lista si over dei beste albuma frå 1970-åra.[15]Rolling Stone plasserte albumet på 433. plass på si liste over dei 500 største albuma gjennom tidene.[16]