Eurovision Song Contest 1977

Eurovision Song Contest 1977
Dato
Vertskap
Stad
Wembley Conference Centre
London i Storbritannia
Programleiar(ar)
Angela Rippon
Dirigent
Ronnie Hazlehurst
Kringkastar(ar)
BBC
Varigskap
Opningsnummer
Pausenummer
Bidrag
Attende
Sverige
Trekte seg
Jugoslavia
Tunisia[N 1]
Ikkje med
Danmark
Malta
Tyrkia
Kart
ESC 1977 Map.svg
██ Land som deltok i tevlinga

██ Land som ikkje deltok i tevlinga

Røysting
Eurovision Song Contest
Eurovision Song Contest 1976 Eurovision Song Contest 1978

Eurovision Song Contest 1977 var den 22. utgåva av Eurovision Song Contest, den årlege songtevlinga for medlemmane i Den europeiske kringkastingsunionen (EBU). Arrangementet fant stad i Storbritannia som følgje av landets siger året før med Brotherhood of Man og «Save Your Kisses for Me». Tevlinga blei arrangert av BBC og halden laurdag 7. mai 1977 – fem veker forseinka på grunn av en streik blant kamerapersonell og teknikarar i BBC. Finalen blei overført direkte frå Wembley Conference Centre i London med nyheitsopplesar Angela Rippon som programleiar.

Deltakartalet heldt seg på 18 land, det same talet som året før. Sverige var tilbake etter fråværet i 1976, mens Jugoslavia vedtok å trekkje seg. Fyrst i 1981 var landet tilbake i tevlinga.

Vinnaren blei Frankrike med Marie Myriam og «L’oiseau et l’enfant», skriven av Joe Gracy og Jean-Paul Cara. Dette var den femte femte og framleis siste sigeren til Frankrike i Eurovision Song Contest. Vertslandet Storbritannia kom på andreplass, Irland følgde på tredjeplass, mens Monaco og Hellas blei nummer fire og fem. Femteplassen var den beste plasseringa til Hellas til då. Noreg var representert med 18 år gamle Anita Skorgan og songen «Casanova». Det norske bidraget blei nummer 14 av 18.

Bakgrunn

Etter å ha vunne med Brotherhood of Man og «Save Your Kisses for Me» året før, var det Storbritannia som stod vertskap for Eurovision Song Contest i 1977. BBC la finalen til Wembley Conference Centre, eit konferansesenter som opna dørene berre eit par månader før den internasjonale finalen.

Finalen var planlagt til laurdag 2. april 1977, men månaden før braut det ut ein spontanstreik blant kamerafolk og teknikarar i BBC som kravde høgare løn for produksjonar utanfor BBC-hovudkvarteret.[1] Streiken braut ut berre timar før den britiske finalen og førte til at den britiske finalen aldri blei filma og sendt på tv. I staden blei det gjort lydopptak som blei sendt på radio seinare same kveld.[2][3] Streiken så lenge ut til å truge den internasjonale finalen, og i byrjinga av mars trekte BBC seg formelt som vert for arrangementet.[4] EBU vurderte fleire alternative løysingar, og ei moglegheit var å flytte arrangementet til Tyskland eller Nederland.[4][5] Nederlandske NOS tilbaud seg å ta over arrangementet, men dei fagorganiserte kamerafolka i selskapet sette foten ned i sympati med sine britiske kollegaer.[6]

Etter eit krisemøte i slutten av mars 1977 vedtok EBU at BBC skulle få behalde arrangementet. Omsider, 31. mars 1977, fann også partane i streiken ei løysing, og finalen blei flytta til laurdag 7. mai – fem veker etter den opphavlege datoen.[7][8]

EBU vedtok også dette året å gjeninnføre språkregelen som var i bruk frå 1966 til 1972. Heretter måtte alle land syngje på eit av sine offisielle språk.[9] Regelen blei innført etter at Belgia og Tyskland hadde vald sine engelskspråklege bidrag, og de to landa fekk dispensasjon til å syngje på engelsk.[1][3] Språkkravet blei ikkje oppheva igjen før i 1999, og no kan deltakerlanda syngke på det språket dei ønsker.

Deltakande land

Totalt deltok 18 land, det same talet som året før. Jugoslavia trekte seg frå tevlinga og skulle ikkje komme tilbake før i 1981.[3] Sverige var tilbake etter boikotten året før, hovudsakleg fordi Sveriges Radio meinte det noverande Eurovision Song Contest-reglementet hadde redusert det kommersielle presset.[10][11] Danmark, som hadde boikotta arrangementet sidan 1967, vurderte også å delta[12], men vedtok til slutt å stå over nok eit år. Men dansk fjernsyn overførte finalen direkte og kom tilbake for godt i 1978.

Også Tunisia vurderte å delta og sende inn ei førebels påmelding. Hausten 1976 blei startrekkefølgja trekt, og der blei Tunisia trekt til å opptre som nummer fire.[3][7][13] Men landet trekte seg før den endelige påmeldingsfristen, høgst sannsynleg fordi Israel skulle delta.[14] Berre ein gong har eit arabisk land delteke i Eurovision Song Contest – Marokko i 1980, då Israel ikkje deltok.[15]

Sendinga

Finalen blei sendt direkte til 33 land frå konsertsalen Wembley Conference Centre. Sendinga starta med ein introduksjonsfilm med bilete frå London og Skottland, Wales, Nord-Irland og England. Deretter gjekk Angela Rippon, ein kjend britisk nyheitsopplesar, på scena og ønskte velkommen på engelsk og fransk.

Rekkefølgja blei avgjord ved ei loddtrekking i Genève hausten 1976.[16] Irland opna tevlinga og undervegs var det fleire minneverdige augeblink. Den austerrikske gruppa Schmetterlinge hadde masker på bakhovuda og kasta dollarsetlar som ei protest mot det dei meinte var utnytting av artistar i plateindustrien. Sveits stilla med alpehorn, og dirigenten til Storbritannia, Ronnie Hazlehurst, dirigerte orkesteret iført ein bowlerhatt og med ein paraply som taktstokk.[3]

Dette året var det ingen postkortfilmar som introduserte dei 18 bidraga. BBC hadde opphavleg tenkt å bruke små filmar som viste artistane på ein offisiell fest under finaleveka.[17] Men bileta skal ha vore lite flatterande for enkelte av artistane, blant anna på grunn av høgt alkoholinntak på festen, og BBC droppa filmane.[3] I staden måtte produsentane vise direktebilete av eit meir eller mindre interessert publikum mellom songane.[3][18]

Bilete frå festen blei vist i pausen, akkompagnert av klarinettisten Acker Bilk og bandet hans, Paramount Jazz Men.[16]

Det norske bidraget

Noreg deltok med Anita Skorgan som song «Casanova», skriven av trønderane Svein Strugstad og Dag Nordtømme. Skorgan hadde vunne den norske finalen i februar, og vinnarlåten «Casanova» låg heile 15 veker på VG-lista med ein fjerdeplass som høgaste notering. Det var fyrste gong på seks år at ein vinnar av Melodi Grand Prix gjekk inn på VG-lista.[19]

I eit telefonintervju med NRK Radio på finaledagen uttala Skorgan at ho var nervøs, og at ho ikkje hadde fått kontakt med nokre av dei andre artistane.[20] Sjølv tippa ho Tyskland som vinnar. «Casanova» var det femte bidraget ut på scena i London, og Carsten Klouman dirigerte det britiske orkesteret. Med på scena hadde Skorgan koristane Gro Bergsland, Anne Lise Gjøstøl og George Keller.[17] John Andreassen var den norske delegasjonsleiaren og kommenterte sendinga for NRK Fjernsynet.[21] Erik Heyerdahl kommenterte for NRK Radio.[17][21] Dette året fekk Noreg 18 poeng frå dei europeiske jurygruppene, noko som gav plass 14 av 18 – delt med Portugal.

Avrøystinga

Marie Myriam vann for Frankrike med songen «L’oiseau et l’enfant».

Kvart land hadde ei jurygruppe med elleve medlemmar mellom 16 og 60 år som bedømde songane frå dei andre landa med poeng frå 1 til 5. Deretter summerte jurysekretæren saman dei individuelle poenga frå dei elleve jurymedlemmane. Songen som fekk flest jurypoeng, blei tildelt 12 poeng frå den nasjonale juryen. Andreplassen fekk 10, tredjeplassen 8, fjerdeplassen 7 og så vidare ned til tiandeplassen som fekk 1 poeng.[16] Altså gav kvar jurygruppe 12, 10 og 8–1 poeng til sine ti favorittsongar. Det var ikkje lov å røyste på bidraget frå sitt eige land. Oppsynsmann for avrøystinga var Clifford Brown frå EBU.

Kvart land hadde ein representant som las opp poenga frå juryen via telefon på direkten under avrøystinga. Poenga blei ikkje leste opp i stigande rekkefølgje frå 1 til 12 som i dag. I staden blei poenga lesne opp i kronologisk rekkefølgje ut frå startrekkefølgja. Dette skulle gjere det enklare for operatørane av den mekaniske poengtavla å halde følgje, slik at dei raskt og korrekt fekk oppdatert poengsummen til kvart land undervegs. Fyrst i 1980 begynte ordninga med å lese opp poenga frå 1 til 12. 

På førehand var det Silver Convention frå Tyskland og Dream Express frå Belgia som var dei store favorittane, saman med Hellas og britiske Lynsey De Paul og Mike Moran. Av favorittane var det berre Storbritannia som låg i teten, og Irland og Frankrike hala raskt innpå. Som året før, var Noreg det siste landet til å få poeng. Etter at Finland røysta som land nummer 16, var den franske sigeren klår. Dette var den femte sigeren til Frankrike og blei det mestvinnande landet i Eurovision Song Contest si historie til då. Frankrike har ikkje vunne Eurovision Song Contest sidan. Både den greske og franske juryen gav for mange poeng under avrøystinga, og dette blei fyrst retta opp i etter sendinga.[22]

I motsetning til vinnarlåtane åra før, blei «L'oiseau et l'enfant» ingen kommersiell suksess i Noreg. Med unntak av 1970, då Noreg ikkje deltok, var dette fyrste gong sidan 1966 at ein Eurovision-vinnar ikkje kom inn på den norske singellista.[23] I staden var det sjetteplassen «Swiss Lady» som blei den største slageren i Noreg. Songen låg på VG-lista i heile 22 veker etter finalen.[24] Også britiske «Rock Bottom» tok seg inn på VG-lista.[3][25]

Deltakarar

Liste over deltakarane og det offisielle resultatet.[26] Tabellen er rangert etter startrekkefølgje, plasseringa og poengsummen finst i kolonnane til høgre.

Startnr. Land Artist Song Språk Plass Poeng
01 Irland The Swarbriggs Plus Two «It's Nice to Be in Love Again» Engelsk 3 119
02 Monaco Michèle Torr «Une petite française» Fransk 4 96
03 Nederland Heddy Lester «De mallemolen» Nederlandsk 12 35
04 Austerrike Schmetterlinge «Boom Boom Boomerang» Tysk 17 11
05 Noreg Anita Skorgan «Casanova» Norsk 14 18
06 Tyskland Silver Convention «Telegram» Engelsk 8 55
07 Luxembourg Anne-Marie B «Frère Jacques» Fransk 16 17
08 Portugal Os Amigos «Portugal no coração» Portugisisk 14 18
09 Storbritannia Lynsey de Paul og Mike Moran «Rock Bottom» Engelsk 2 121
10 Hellas Paskhális, Béssy, Robert og Mariánna «Máthima solféz» Gresk 5 92
11 Israel Ilanit «Ahava hi shir lishnayim» Hebraisk 11 49
12 Sveits Pepe Lienhard Band «Swiss Lady» Tysk 6 71
13 Sverige Forbes «Beatles» Svensk 18 2
14 Spania Micky «Enséñame a cantar» Spansk 9 52
15 Italia Mia Martini «Libera» Italiensk 13 33
16 Finland Monica Aspelund «Lapponia» Finsk 10 50
17 Belgia Dream Express «A Million in One, Two, Three» Engelsk 7 69
18 Frankrike Marie Myriam «L'oiseau et l'enfant[27]» Fransk 1 136

Artistar som har delteke tidlegare

Artist Land Deltok i Merknadar
Patricia Maessen (som del av gruppa Dream Express) Belgia 1970 Deltok for Nederland som del av gruppa Hearts of Soul
Bianca Maessen (som del av gruppa Dream Express)
Stella Maessen (som del av gruppa Dream Express)
The Swarbriggs Irland 1975
Ilanit Israel 1973
Michèle Torr Monaco 1966 Deltok for Luxembourg
Fernando Tordo (som del av gruppa Os Amigos) Portugal 1973
Paulo de Carvalho (som del av gruppa Os Amigos) 1974
Beatrix Neundlinger (som del av gruppa Schmetterlinge) Austerrike 1971 Som del av gruppa The Milestones
Günter Grosslercher (som del av gruppa Schmetterlinge)

Poengtavle

Tavla er ordna etter røysterekkefølgja i finalen. Det blei gjort fleire feil undervegs i avrøystinga.[3] Den greske jurygruppa gav 4 poeng til både Austerrike og Spania, mens Frankrike gav poeng til heile tolv land: Både Hellas og Israel fekk 3 poeng frå den franske jurygruppa, mens Austerrike og Belgia begge fekk 1 poeng. Feila blei retta opp etter finalen, og i tabellen under er dei korrekte poenga.[28]

Deltakarland Poenggjevande land Sum Plass
[29] [30]
Irland 8 1 5 12 5 8 1 12 10 12 8 12 4 8 3 10 119 3
Monaco 5 8 1 6 1 6 7 12 2 6 10 8 12 5 2 5 96 4
Nederland 3 3 1 1 1 7 1 10 8 35 12
Austerrike 5 2 3 1 11 17
Noreg 3 2 2 1 5 5 18 14
Tyskland 1 1 3 2 2 8 8 8 5 5 5 6 1 55 8
Luxembourg 2 7 8 17 16
Portugal 2 2 1 4 3 6 18 14
Storbritannia 12 7 12 7 10 12 12 8 8 3 2 4 12 12 121 2
Hellas 10 10 4 4 4 6 10 5 3 1 7 12 1 6 6 3 92 5
Israel 7 7 5 3 5 10 3 6 1 2 49 11
Sveits 6 10 10 5 4 4 6 4 4 10 8 71 6
Sverige 2 2 18
Spania 6 1 7 7 3 4 3 7 7 7 52 9
Italia 8 6 3 3 2 2 2 7 33 13
Finland 12 4 6 8 2 7 5 2 4 50 10
Belgia 4 12 6 8 4 7 10 5 6 4 3 69 7
Frankrike 10 4 8 7 3 12 10 5 6 7 10 12 6 10 10 12 4 136 1

12 poeng

Kvart land gav 12 poeng til sin favoritt. Under er ei oversikt over alle 12-poengarar som blei gjevne under avrøystinga.

Tal Mottakarland 12 poeng frå
6 Storbritannia Austerrike, Belgia, Frankrike, Luxembourg, Monaco, Portugal
4 Irland Israel, Noreg, Storbritannia, Sverige
3 Frankrike Finland, Sveits, Tyskland
2 Monaco Hellas, Italia
1 Belgia Nederland
Finland Irland
Hellas Spania

Dirigentar

Mens Ronnie Hazlehurst var sjefdirigent, hadde dei fleste land med sin eigen dirigent. Under er ei liste over dirigentane til deltakarlanda, lista etter startrekkefølgja.[31]

  1. Irland – Noel Kelehan
  2. Monaco – Yvon Rioland
  3. Nederland – Harry van Hoof
  4. Austerrike – Christian Kolonovits
  5. Noreg – Carsten Klouman
  6. Tyskland – Ronnie Hazlehurst
  7. Luxembourg – Johnny Arthey
  8. Portugal – Jose Calvario
  9. Storbritannia – Ronnie Hazlehurst
  10. Hellas – George Hatzinassios
  11. Israel – Eldad Shrim
  12. Sveits – Peter Jacques
  13. Sverige – Anders Berglund
  14. Spania – Rafael Ibarbia
  15. Italia – Maurizio Fabrizio
  16. Finland – Ossi Runne
  17. Belgia – Alyn Ainsworth
  18. Frankrike – Raymond Donnez


Kommentatorar og poengopplesarar

Poengopplesere

Kvart land hadde ein talsperson som annonserte poenga frå den nasjonale jurygruppa over telefon på engelsk eller fransk. Under er talspersonane i same rekkefølgje som under avrøystinga.

  1. Irland – Brendan Balfe
  2. Monaco – Carole Chabrier
  3. Nederland – Ralph Inbar
  4. Austerrike – Jenny Pippal
  5. Noreg – Sverre Christophersen
  6. Tyskland – Armin Maiwald
  7. Luxembourg – Jacques Harvey
  8. Portugal – Ana Zanatti
  9. Storbritannia – Colin Berry[32]
  10. Hellas – Naki Agathou
  11. Israel – Yitzhak Shim'oni[33]
  12. Sveits – Michel Stocker[34]
  13. Sverige – Sven Lindahl[35]
  14. Spania – Isabel Tenaille[36]
  15. Italia – Mariolina Cannuli[37]
  16. Finland – Kaarina Pönniö[38]
  17. Belgia – An Ploegaerts
  18. Frankrike – Marc Menant


Kommentatorar og kringkastarar

Dei fleste deltakerlanda hadde kommentatorar som formidla informasjon og hendingar direkte til sjåarane. Oversikt over kommentatorar under Eurovision Song Contest 1977:[39]

Land Kringkastar Kanal Kommentator Kilde
Austerrike ORF FS1 Ernst Grissemann [40][41]
Belgia BRT TV1 Nederlandsk: Luc Appermont [42][43][44]
Radio 1 Nederlandsk: Ukjend [45]
RTB RTB1 Fransk: Patrick Duhamel [43][44][46]
Finland Yle TV1 Matti Paalosmaa [47]
Rinnakkaisohjelma
Frankrike TF1 Georges de Caunes [46][48][49]
Hellas ERT ERT Mako Georgiadou [50][51]
Irland RTÉ RTÉ Mike Murphy [52][53]
RTÉ Radio Liam Devally [54]
Israel IBA Israelsk fjernsyn Ingen kommentator [55]
Italia Rai Rete 1 Silvio Noto [37]
Rai Radio 1
Luxembourg CLT RTL Télé-Luxembourg Jacques Navadic [48][56]
Monaco Télé Monte-Carlo Brukte Frankrike sin kommentator
Nederland NOS Nederland 2 Ati Dijckmeester [44]
Noreg NRK NRK Fjernsynet John Andreassen [57]
NRK Radio Erik Heyerdahl, sendt i opptak frå 22.20
Portugal RTP I Programa José Côrte Real [58]
Spania TVE TVE 1 Miguel de los Santos [59][60]
Storbritannia BBC BBC1 Pete Murray [61][62]
BBC Radio 1, BBC Radio 2 Terry Wogan [61][63][64]
Sveits SRG SSR TV DRS Tysk: Theodor Haller [40]
TSR Fransk: Georges Hardy [49]
RSR 2 Fransk: Robert Burnier [65]
TSI Italiensk: Giovanni Bertini [37][66]
RSI 2 Italiensk: Ukjend [49][66]
Sverige Sverige SR TV1 Ulf Elfving [47][57][67]
SR P3 Ursula Richter og Åke Strömmer
Tyskland ARD Deutsches Fernsehen Werner Veigel [40][44][68]

Kommentatorar og sendingar i ikkje-deltakande land

Ifølgje arrangørane blei sendinga overført til 33 land, blant anna land via Intervision. Under er ei liste med kjente og stadfesta sendingar i ikkje-deltakande land.

Land Kringkastar Kanal Kommentator Kilde
Danmark Danmarks Radio DR TV Claus Toksvig [69]
Island RÚV Sjónvarpið Ukjent, sendt i opptak 20. mai [70]
Jugoslavia JRT TVB2 Milovan Ilić [71]
TVL1 Tomaž Terček [72][73]
TVZ 1 Oliver Mlakar [74]
Tyrkia TRT TRT Ankara Televizyonu Bülend Özveren [72]
Ungarn MTV MTV2 Ukjend, sendt i opptak 19. november 1977 [75]

Fotnotar

  1. Tunisia skulle debutere i tevlinga og starte som nummer fire i finalen, men trekte seg.

Kjelder

  1. 1,0 1,1 «Eurovision Song Contest London 1977». eurovision.tv. 2017. Henta 28. juli 2017. 
  2. Willersrud, Åsmund (11. mars 1977). «Grand Prix trues av TV-streik». Verdens Gang. s. 40. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 3,7 3,8 «#ThrowbackThursday to 40 years ago: Eurovision 1977». eurovision.tv (på engelsk). Den europeiske kringkastingsunion. 21. september 2017. Arkivert frå originalen 10. desember 2022. Henta 16. april 2023. 
  4. 4,0 4,1 NTB-Reuters (15. mars 1977). «England trekker seg som finalearrangør: Hvem overtar Grand Prix?». Bergens Arbeiderblad. s. 1, 20. 
  5. Willersrud, Åsmund (16. mars 1977). «Flere finale-alternativer». Verdens Gang. s. 35. 
  6. «Ikke Grand-Prix i Nederland heller». Rogalands Avis. 16. mars 1977. s. 7. 
  7. 7,0 7,1 O'Connor, John Kennedy (2007). The Eurovision Song Contest: The Official History. Carlton Books. s. 68. ISBN 978-1-84442-994-3. 
  8. «BBC sender Grand Prix-finalen 7. mai». Arbeiderbladet. 1. april 1977. s. 2. 
  9. Kåre (2. mars 1977). «Anita Skorgan synger i London». Bergens Arbeiderblad. s. 5. 
  10. «Sverige blir med i Melodi Grand Prix». Aftenposten. 20. september 1976. s. 5. 
  11. NTB-TT (17. september 1976). «Sverige i Grand Prix: Svensk TV-1 har besluttet å delta». Rogalands Avis (Nasjonalbiblioteket). s. 7. 
  12. Bækkelund, Kjell (24. september 1976). «Sirkus Grand Prix: Dansk deltagelse?». Verdens Gang. s. 41. 
  13. «h2g2 - The Eurovision Song Contest 1956 - present». h2g2 The Hitchhiker's Guide to the Galaxy: Earth Edition. BBC. 26. april 2007. Arkivert frå originalen 31. oktober 2021. Henta 7. april 2023. 
  14. «Israeli Minister “to invite” Arabic nations, including Tunisia, to take part in Eurovision 2019». ESCXTRA.com (på engelsk). 22. mai 2018. Arkivert frå originalen 30. november 2020. Henta 7. april 2023. 
  15. Kuipers, Michael (20. juni 2007). «Eurovision 2023 Tunisia will not participate "in the foreseeable future"». ESCToday (på engelsk). Arkivert frå originalen 15. oktober 2017. Henta 7. april 2023. 
  16. 16,0 16,1 16,2 «Eurovision Song Contest 1977». BBC/EBU via YouTube. 7. mai 1977. Henta 28. juli 2017. 
  17. 17,0 17,1 17,2 Willersrud, Åsmund (7. mai 1977). «Grand Galla i laber bris». Verdens Gang. s. 45. 
  18. Falk, Quentin (25. februar 2014). «Boom a Bang … On a String: Eurovision Song Contest (1956–)». Television's Strangest Moments: Extraordinary But True Tales from the History of TV (på engelsk). Pavilion Books. s. 29–31. ISBN 9781849941839. Arkivert frå originalen 29. juli 2017. Henta 29. juli 2017. 
  19. «Den norske singellisten for Anita Skorgan og 'Casanova'». IFPI Norge. Henta 7. april 2023. 
  20. Kenneth Simensen; Grethe Kausland (7. mai 1977). «Foran Melodi Grand Prix i London 1977: telefonintervju med Anita Skorgan». NRK Radio (radioinnslag). Norsk rikskringkasting. Henta 7. april 2023 – via Nasjonalbiblioteket. 
  21. 21,0 21,1 «Radio TV: Melodi Grand Prix». Arbeidets Rett. 6. mai 1977. s. 9. 
  22. Tibballs, Geoff (14. april 2016). The Good, the Bad and the Wurst: The 100 Craziest Moments from the Eurovision Song Contest (på engelsk). Little, Brown Book Group. ISBN 9781472137074. 
  23. «Topplista (søkbar database over Norges offisielle singelliste)». IFPI Norge. Henta 7. april 2023. 
  24. «Topplista – Pepe Lienhard Band / Swiss Lady». Topplista. IFPI Norge. Henta 7. april 2023. 
  25. «Linsey de Paul & Mike Moran». topplista.no. IFPI Norge. Henta 7. april 2023. 
  26. «Final of London 1977 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 17. september 2022. 
  27. Ikkjeraud lenkje som bør gjerast om til vanleg lenkje.
  28. «Eurovision Song Contest 1977 – Detailed voting results». eurovision.tv. Arkivert frå originalen 30. juli 2017. Henta 7. april 2023. 
  29. «Eurovision Song Contest 1977 – Hellas' poeng». eurovision.tv. 2017. Arkivert frå originalen 30. juli 2017. Henta 7. april 2023. 
  30. «Eurovision Song Contest 1977 – Frankrikes poeng». eurovision.tv. 2017. Arkivert frå originalen 30. juli 2017. Henta 7. april 2023. 
  31. «And the conductor is …». And the Conductor Is. Henta 23. april 2017. 
  32. Roxburgh, Gordon (2014). Songs for Europe: The United Kingdom at the Eurovision Song Contest. Volume Two: The 1970s. Prestatyn: Telos Publishing. s. 312–327. ISBN 978-1-84583-093-9. 
  33. «פורום אירוויזיון» (på hebraisk). Sf.tapuz.co.il. 13. september 1999. Arkivert frå originalen 8. oktober 2011. Henta 10. august 2012.  Arkivert 8. oktober 2011 på Wayback Machine.
  34. Baumann, Peter Ramón (OGAE Switzerland)
  35. Thorsson, Leif; Verhage, Martin (2006). Melodifestivalen genom tiderna : de svenska uttagningarna och internationella finalerna. Premium Publishing. s. 126–127. ISBN 91-89136-29-2. 
  36. «Eurovisión 1977 – Jurado TVE». YouTube. 7. mai 1977. Henta 10. august 2012. 
  37. 37,0 37,1 37,2 «Eurovision Song Contest 1977» (på italiensk). Eurofestivalnews. 12. september 2016. Henta 7. april 2023. 
  38. «Selostajat ja taustalaulajat läpi vuosien? • Viisukuppila». Viisukuppila.fi. Henta 10. august 2012. 
  39. «The Eurovision Song Contest (1977)». imdb.com. Henta 24. juli 2017. 
  40. 40,0 40,1 40,2 «Fernsehen – Samstag». Neue Zürcher Zeitung (e-newspaperarchives.ch). 7. mai 1977. s. 47. Henta 7. april 2023. 
  41. Halbhuber, Axel (22. mai 2015). «Ein virtueller Disput der ESC-Kommentatoren». kurier.at (på tysk). Kurier. Arkivert frå originalen 23. mai 2015. Henta 15. januar 2023. 
  42. Adriaens, Manu & Loeckx-Van Cauwenberge, Joken. Blijven kiken!. Lannoo, Belgium. 2003 ISBN 90-209-5274-9
  43. 43,0 43,1 «T.V. Programma's». De Voorpost (på nederlandsk). 6. mai 1977. s. 25. 
  44. 44,0 44,1 44,2 44,3 «Radio en televisie dit weekend». Limburgsch Dagblad (på nederlandsk). 7. mai 1977. s. 7. 
  45. «Radio en T.V.». De Waarheid (på nederlandsk). Delpher. 7. mai 1977. s. 4. Henta 7. april 2023. 
  46. 46,0 46,1 «1977 – Londres (Angleterre, Grande-Bretagne)». songcontest.free.fr. Henta 7. april 2023. 
  47. 47,0 47,1 «Radio ja TV». Helsingin Sanomat (på finsk). 7. mai 1977. s. 39. Henta 23. desember 2022. (krev abonnement (help)). 
  48. 48,0 48,1 «Samedi 7 mai 1977». LW-Weekend (på fransk). viewer.eluxemburgensia.lu. 7. mai 1977. Henta 10. januar 2023. 
  49. 49,0 49,1 49,2 «TV – samedi 7 mai». Radio TV – Je vois tout (på fransk). Scriptorium Digital Library. 5. mai 1977. s. 14–15. Henta 7. april 2023. 
  50. «Η Μακώ Γεωργιάδου και η EUROVISION (1970–1986)». Retromaniax.gr. Arkivert frå originalen 30. mai 2012. Henta 10. august 2012. 
  51. «Eurovision 2020: Γιώργος Καπουτζίδης -Μαρία Κοζάκου στον σχολιασμό του διαγωνισμού για την ΕΡΤ». Matrix24 (på gresk). 12. februar 2020. Arkivert frå originalen 14. februar 2020. Henta 7. februar 2023. 
  52. «Television Today». The Irish Times. 7. mai 1977. s. 17. Henta 22. desember 2022. (krev abonnement (help)). 
  53. «Celebrities and public figures launch Irish campaign to boycott Eurovision 2019 in Israel». BDS Movement (på engelsk). 30. juli 2018. Arkivert frå originalen 22. februar 2019. Henta 6. april 2023. 
  54. «Radio Today». The Irish Times. 7. mai 1977. s. 17. Henta 22. desember 2022. (krev abonnement (help)). 
  55. «(Radio ∗ Televizia) רדיו ∗ טלוויזיה». Maariv (Israels nasjonalbibliotek). 6. mai 1977. s. 131. 
  56. Dievort, Charles Van. «Jacques Navadic, un des pionniers de RTL, est décédé». La Libre.be (på fransk). Henta 7. april 2023. 
  57. 57,0 57,1 «Radio•TV: Melodi Grand Prix». Tønsbergs Blad. Nasjonalbiblioteket. 7. mai 1977. s. 31. Henta 7. april 2023. 
  58. «Televisão – Hoje». Diário de Lisboa. casacomum.org. 7. mai 1977. s. 15. Henta 7. april 2023. 
  59. LOS40 (28. mars 2018). «Todos los comentaristas de la historia de España en Eurovisión (y una única mujer en solitario)». LOS40 (på spansk). Henta 15. januar 2023. 
  60. «Programas de Radio y T.V.». La Vanguardia (på spansk). Hemeroteca – La Vanguardia. 7. mai 1977. s. 52. Henta 10. januar 2023. 
  61. 61,0 61,1 Roxburgh, Gordon (2014). Songs for Europe: The United Kingdom at the Eurovision Song Contest. Volume Two: The 1970s. Telos Publishing. s. 267–287. ISBN 978-1-84583-093-9. 
  62. «Eurovision Song Contest 1977 – BBC1». Radio Times. BBC Genome Project. 7. mai 1977. Henta 6. april 2023. 
  63. «Eurovision Song Contest 1977 – BBC Radio 2». Radio Times. genome.ch.bbc.co.uk. 7. mai 1977. Henta 7. april 2023. 
  64. «Schedule – BBC Radio 1 – 7 May 1977». Radio Times. genome.ch.bbc.co.uk. 7. mai 1977. Henta 7. april 2023. 
  65. «Radio – samedi 7 mai». Radio TV – Je vois tout (på fransk). Héliographia SA. 5. mai 1977. s. 62. Henta 7. april 2023 – via Scriptorium. 
  66. 66,0 66,1 «Televisione». Gazzetta Ticinese (på italiensk). Sistema bibliotecario ticinese. 7. mai 1977. Henta 7. april 2023. 
  67. Thorsson, Leif; Verhage, Martin (2006). Melodifestivalen genom tiderna : de svenska uttagningarna och internationella finalerna. Premium Publishing. s. 140–141. ISBN 91-89136-29-2. 
  68. «Eurovision Song Contest 1977». www.ecgermany.de. Henta 7. april 2023. 
  69. «Programoversigt». www.larm.fm. LARM. Henta 7. april 2023. «21.00 [F] Melodi Grand Prix Transmission fra London af finalen i Eurovisionens sangkonkurrence. Ved mikrofonen: Claus Toksvig. Eurovision fra England.» 
  70. «Sjónvarp – Föstudagur 20. maí». Dagblaðið. timarit.is. 20. mai 1977. Henta 7. april 2023. 
  71. «Eurovision 1976 Yugoslavia: Ambasadori - "Ne Mogu Skriti Svoju Bol"». Eurovisionworld (på engelsk). Henta 16. april 2023. 
  72. 72,0 72,1 Carter, Ford (20. mai 2021). «The Longest-Serving Eurovision Commentators». aussievision (på engelsk). Henta 6. april 2023. 
  73. «Televizija – sobota 7» (PDF). Glas. 7. mai 1977. s. 12. Arkivert (PDF) frå originalen den 9. januar 2023. 
  74. «TV-Program». Slobodna Dalmacija. 7. mai 1977. s. 32. Henta 7. april 2023. 
  75. «TV – szombat november 19». Rádió- és Televízió-újság (på ungarsk). MTVA Archívum. 14. november 1977. s. 20. Arkivert frå originalen 9. januar 2023. Henta 7. april 2023. 

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Eurovision Song Contest 1977

Read other articles:

1942 aviation accident 1942 Qantas Short Empire shootdownVH-ABB, a Qantas Short Empire similar to the aircraft involved.AccidentDate30 January 1942SummaryShootdownSiteWest Timor, Dutch East IndiesAircraftAircraft typeShort Empire S.23OperatorQantasRegistrationG-AEUHFlight originEl Tari International AirportDestinationDarwin International AirportOccupants18Fatalities13Survivors5 The 1942 Qantas Short Empire shoot-down was an incident that occurred in the early days of the Pacific War duri...

 

Ini adalah nama Korea; marganya adalah Lee. Mark LeeNama asal이마크LahirMark Lee2 Agustus 1999 (umur 24)Ontario, Toronto, KanadaKebangsaanKanadaNama lainLee Min-hyungPendidikanSchool of Performing Arts SeoulPekerjaanPenyanyi rappenyanyipenulis lagupenaripembawa acaraKarier musikGenreK-pophip hopInstrumenVokalGitarPianoTahun aktif2013–sekarangLabelSMArtis terkaitNCTNCT 127NCT UNCT DreamSuperMSM RookiesSM TownNama KoreaHangul이민형 Hanja李敏亨 Alih AksaraI MinhyeongMcC...

 

English admiral (1285–1343) This article needs additional citations for verification. Please help improve this article by adding citations to reliable sources. Unsourced material may be challenged and removed.Find sources: William Ros, 2nd Baron Ros – news · newspapers · books · scholar · JSTOR (April 2013) (Learn how and when to remove this template message) Arms of Ros: Gules, three water bougets argent[1] William Ros, 2nd Baron Ros of Helm...

Синелобый амазон Научная классификация Домен:ЭукариотыЦарство:ЖивотныеПодцарство:ЭуметазоиБез ранга:Двусторонне-симметричныеБез ранга:ВторичноротыеТип:ХордовыеПодтип:ПозвоночныеИнфратип:ЧелюстноротыеНадкласс:ЧетвероногиеКлада:АмниотыКлада:ЗавропсидыКласс:Пт�...

 

Anglo-Italian designer Andrew GrimaAndrew Grima in his studio in Sonning, Berkshire, 1969BornAndrew Peter Grima(1921-05-31)31 May 1921Lungotevere Mellini 51, Rome, ItalyDied26 December 2007(2007-12-26) (aged 86)Gstaad, SwitzerlandNationalityBritishEducationUniversity of NottinghamOccupationJewellery DesignerKnown forModern jewellery designSpouses Helène Haller (m. 1947; div. 1977) Jojo Maughan-Brown (m. 1977-2007) Children4, including Francesca GrimaParent(s)John Grima, Leopoldina ...

 

Musical instrument component This article is about keyboards on musical instruments. For instruments referred to as keyboards, see Keyboard instrument. Layout of a musical keyboard (all octaves shown) The musical keyboard of a Steinway concert grand piano A musical keyboard is the set of adjacent depressible levers or keys on a musical instrument. Keyboards typically contain keys for playing the twelve notes of the Western musical scale, with a combination of larger, longer keys and smaller, ...

Brachodes Brachodes appendiculataTaksonomiKerajaanAnimaliaFilumArthropodaKelasInsectaOrdoLepidopteraFamiliBrachodidaeGenusBrachodes Guenée, 1845 Tata namaSinonim takson Chimaera Ochsenheimer, 1808 (preocc.) Atychia Latreille, 1809 (preocc.) Procerata Berthold, 1827 Chimera Feisthamel, 1833 Palamernis Meyrick, 1906 SpesiesLihat tekslbs Brachodes adalah sebuah genus ngengat dalam famili Brachodidae. Daftar spesies Brachodes albina Brachodes anatolicus Brachodes appendiculata Brachodes bellicos...

 

Star in the constellation Cassiopeia 4 Cassiopeiae A light curve for 4 Cassiopeiae, plotted from Hipparcos data.[1] The assumed period is from Koen and Eyer (2002).[2] Observation dataEpoch J2000.0      Equinox J2000.0 Constellation Cassiopeia Right ascension 23h 24m 50.26237s[3] Declination +62° 16′ 58.1094″[3] Apparent magnitude (V) 4.96[4] (4.95 – 5.00)[5] Chara...

 

Сибирский горный козёл Научная классификация Домен:ЭукариотыЦарство:ЖивотныеПодцарство:ЭуметазоиБез ранга:Двусторонне-симметричныеБез ранга:ВторичноротыеТип:ХордовыеПодтип:ПозвоночныеИнфратип:ЧелюстноротыеНадкласс:ЧетвероногиеКлада:АмниотыКлада:СинапсидыКла�...

Multi-asset brokerage company eToroCompany typePrivateIndustryFinancial servicesInvesting onlineSocial investmentFounded2007; 17 years ago (2007)FounderYoni Assia, Ronen Assia, David RingHeadquartersTel Aviv, IsraelArea servedWorldwideKey peopleYoni Assia, CEOProductsElectronic trading platform, stocks, copy trading, social tradingServicesInvestment managementRevenueUS$1.2 billion (2021)[1]Operating incomeUS$240.6 million (2021)[2]Net incomeUS$265.7 million (...

 

Halaman ini berisi artikel tentang Konsep ras. Untuk salah satu suku bangsa di Brunei, Indonesia, Malaysia, dan Singapura, lihat Suku Melayu. Peta Fisiognomi Baru, cetakan Fowler & Wells Company, terbit tahun 1889, menampilkan lima ras manusia menurut Johann Friedrich Blumenbach. Kawasan yang didiami ras Melayu dibatasi garis titik-titik dan kurang lebih sama dengan wilayah rumpun suku bangsa Austronesia Pencetus konsep ras Melayu adalah Johann Friedrich Blumenbach (1752–1840), seorang ...

 

2001 single by Snoop Dogg featuring Master P, Nate Dogg, Butch Cassidy, and Tha Eastsidaz This article needs additional citations for verification. Please help improve this article by adding citations to reliable sources. Unsourced material may be challenged and removed.Find sources: Lay Low Snoop Dogg song – news · newspapers · books · scholar · JSTOR (September 2014) (Learn how and when to remove this message) Lay LowSingle by Snoop Dogg featuri...

2010s American TV series ChanceTitle cardGenre Crime drama Psychological thriller Mystery Based onChanceby Kem NunnDeveloped by Kem Nunn Alexandra Cunningham Starring Hugh Laurie Ethan Suplee Greta Lee Stefania LaVie Owen Clarke Peters Diane Farr Theme music composerBear McCrearyComposerWill BatesCountry of originUnited StatesOriginal languageEnglishNo. of seasons2No. of episodes20ProductionExecutive producers Brian Grazer Hugh Laurie Lenny Abrahamson Michael London Kem Nunn Alexandra Cunning...

 

L'ascenseur à caisson du canal à charbon du Somersetshire (en anglais : Somersetshire Coal Canal caisson lock) est un ascenseur à bateaux qui fut établi au XVIIIe siècle sur le canal à charbon du Somersetshire (aujourd'hui disparu), au sud de la ville de Bath en Angleterre. Il fut construit pour compenser la différence de niveau à Combe Hay, qui était de 41 mètres (135 pieds). Son concepteur fut l'ingénieur Robert Weldon (1754-1810). On l'attribue parfois également...

 

Mountain range in Colorado, United States This article has multiple issues. Please help improve it or discuss these issues on the talk page. (Learn how and when to remove these template messages) This article may be in need of reorganization to comply with Wikipedia's layout guidelines. Please help by editing the article to make improvements to the overall structure. (July 2022) (Learn how and when to remove this message) This article relies largely or entirely on a single source. Relevant di...

Autonomous region of Tanzania This article is about the modern Tanzanian region. For the 19th and 20th century sultanate, see Sultanate of Zanzibar. For the Yemeni port city, see Zinjibar. For other uses, see Zanzibar (disambiguation). ZanzibarZanzibar (Swahili)زنجبار (Arabic) Flag Coat of arms Anthem: Mungu ibariki Afrika (Swahili)God has blessed us[1]Location of Zanzibar within TanzaniaThe major islands of Unguja and Pemba in the Indian OceanCapitalZanzibar...

 

American weekly newspaper This article is about the New York newspaper. For the Ottawa Hills, Ohio magazine, see The Village Voice of Ottawa Hills. The Village VoiceTypeAlternative weeklyFormatTabloidOwner(s)Brian Calle[1]Founder(s)Ed FancherDan WolfJohn WilcockNorman MailerFoundedOctober 26, 1955Ceased publicationAugust 22, 2017 (2017-08-22)RelaunchedApril 17, 2021 (2021-04-17)Headquarters36 Cooper SquareNew York City 10003 U.S.[2]Circulation105,...

 

45e Régiment de Transmissions Insigne de tradition du 45 RT Création 1942 Dissolution 30 juin 2000 Pays France Branche Armée de Terre Type Régiment de Transmissions Rôle Transmissions Garnison Montélimar Ancienne dénomination 45e Bataillon de Transmissions Devise Croire et Vouloir Inscriptionssur l’emblème LIBYE 1942TUNISIE 1942 - 1943ITALIE 1943 - 1944 Anniversaire Saint-Gabriel modifier  Le 45e régiment de transmissions implanté à Montélimar depuis le 1er juin 1966,...

Ugandan fashion model Judith Allen HeardPhoto by Bryan Morel Publications 2019BornJudith Heard (1986-03-13) 13 March 1986 (age 38)Gulu, UgandaCitizenshipUgandaOccupation(s)Model, fashion designerYears active2002 - presentKnown forModelling, Fashion designs, Environmental advocacy, Tourism, community workModeling informationAgencyBryan Morel Publications Judith Allen Heard, commonly known as Judith Heard (born 13 March 1986),[1][2] is a Ugandan environmentalist, ...

 

منظمة التجارية العالميةWorld Trade Organization منظمة التجارة العالمية‌     أعضاء   أعضاء ممثلين بشكل مزدوج من قبل الاتحاد الأوروبي   مراقبون   دول غير مشاركة الاختصار WTO البلد سويسرا  المقر الرئيسي جنيف،  سويسرا تاريخ التأسيس 1 كانون الثاني / يناير 1995 الوض...