Elafónisos har eit areal på om lag 19 km². Øya ligg like utanfor kysten av Kapp Maléa, og om lag 6,5 km mot aust ligg Neápoli i kommunen Monemvasiá. Om lag 8,5 km mot sør ligg Kapp Frágos på øya Kýthira.
Folketalet er knapt 1 000 om vinteren, men aukar kraftig i sommarmånadane. Øya er ein populær turistdestinasjon og i juli og august kan opp mot 9 000 turistar vitje øya dagleg. Mange kjem her på grunn av dei lyse fargene, sandstrendene og sørenden av øya. Dei to største strendene på øya er Símos og Panajía Nisiá.
Øya eig 3 km² med land på fastlandet, som hovudsakleg består av stranda Poúnda. I dag er ho den einaste busette øya som høyrer til Peloponnes. Det er gjort nokre arkeologiske funn på øya og i vatnet rundt.
Namnet på Elafónisos har sannsynlegvis historisk opphav og tyder «hjortane si øy».
Historie
I antikken var Elafónisos ei halvøy med namn Ónou Gnáthos.
Øya vart busett med dagens busetnad i 1850, og nokre år seinare vart ho ein del av Hellas.