Mathráki (gresk Μαθράκι) er av dei diapontiske øyane, ei gruppe småøyer nordvest for Kérkyra i Dei joniske øyane. Administrativt høyrer Mathráki til periferieininga Kérkyra i periferien Dei joniske øyane, og var tidlegare eigen kommune. Øya vart innlemma i kommunen Kérkyra i 2011, men inngår frå 2019 som ei kommunaleining i kommunen Sentral-Kérkyra og dei diapontiske øyane.[2][3]
Ved folketeljinga i 2021 hadde øya og kommunaleininga Mathráki 174 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 135 innbyggjarar.[1]
Mathráki ligg 45 minutt med båt unna Kérkyra. Ho har tre restaurantar og er ei roleg øy utan særleg turisme, utanom enkelte fotturistar.
Referansar
Kjelde