Petalás (gresk Πεταλάς) eller Petalá er ei øy i Hellas og øygruppa Ekhinádes, som høyrer til Dei joniske øyane. Ho er den største øya i Ekhinádes med eit areal på 5,4 km². Historikarar meiner at Petalás er den antikke Dulikhiom. I Iliaden vert det skildra at 40 skips segla frå denne øya til Troja, men den antikke geografen Strabon og moderne forskarar meiner at Dulikhiom er øya Mákri, som ligg i nærleiken. Petalás er ei privateigd øy som er ein del av kommunen Sámi på Kefaloniá. Øya er ikkje busett.[1]