Øya har berre ein busetnad, som òg heiter Kastós. Han ligg på austkysten av øya. Øya ligg parallelt med den større øya Kálamos og ein djup kanal går mellom dei to. Øya er 7 km lang frå nord til sør, og på det breiaste opp mot 800 meter. Det høgaste punktet på øya er 142 meter.