Paxí (gresk Παξοί) er den minste av Dei joniske øyane. Faktisk er det greske namnet ei fleirtalsform som viser til ei heil gruppe øyar, der dei største er Paxós og naboøya Andípaxi.
Øya er om lag 13 km lang. Vestkysten er dominert av bratte kalksteinsklipper med mange blå grotter, som ein kan nå med båt frå Gáios. Mykje av landskapet er framleis dekt av olivenlundar. Desse strekkjer seg frå Lákkas, hamnelandsbyen i nord, via Magaziá til Gáios, hovudbyen. Produksjon av olivenolje, såpe og fiske er supplement til turismen, som har vore hovudindustrien på øya sidan 1960-åra. På denne tida vart kysten rundt Gáios kraftig ombygd for å ta imot turistane. Det går dagleg ferjer og hydrofoilar frå Kérkyra og til Párga på fastlandet, i tillegg til sjøflysamband med Kérkyra by i turistsesongen. Stundom går det òg båt til Albania (feriebyen Saranda og den gresk-romerske busetnaden Butrint).
Historie
Sjølv om øya har vore busett sidan førhistorisk tid, vert fønikarar rekna som dei første innbyggjarane på Paxí. Ein meiner at namnet på øya kjem frå Pax, som tyder «skifer» på deira språk.
Romarane styrte øya frå 200-talet fvt. og under perioden med austromersk styre og i mellomalderen vart øya stadig plyndra av sjørøvarar. Etter fleire herskarar og etter krosstoga var ferdig vart øya teken av Republikken Venezia mot slutten av 1300-talet.