Evrótas er den lengste elva i prefekturet. Evrótasdalen er hovudsakleg eit jordbruksområde, med mange sitrus- og olivenlundar, enger og mest av alt appelsiner.
Taýjetos på 2 407 moh, kjend som Pendedáktylos (fem fingrar) gjennom mellomalderen, ligg vest for Spárti og Evrótasdalen. Det er det høgaste fjellet i Lakonía og på Peloponnes. Det andre store fjellet er Párnonas på 1 961 moh som ligg i aust.
Den kjende stalaktittgrottaDiroú ligg i sørvest, sør for Areópoli, og er ein stor turistattraksjon.
Klima
Området har varme somrar og milde vintrar, men i fjella, og særleg på Taýjetos, er det vanleg med snø om vinteren.
Administrativ inndeling
Tidlegare var Lakonía eit prefektur. Frå 2011 er periferieininga delt inn i fem kommunar.[2]